Pressemelding: Oppheva kokevarsel etter vasslekkasje i Volda sentrum

Pressemelding: Oppheva kokevarsel etter vasslekkasje i Volda sentrum

Tysdag 3. februar klokka 09.15 vart kokevarselet oppheva. 

Kart over området i Volda sentrum som er råka av vasslekkasjoen - Klikk for stort bileteKart over området i Volda sentrum som har påbod om å koke vatn. Volda kommune - kart

Oppheva kokevarsel tysdag 3. februar klokka 09.15

Melding om utsending frå Varsling 24
Varsel: Oppheving av kokvarsel
Tal adresser: 815

Kokvarselet er no oppheva.

Vatn og avløp har mottatt svar på drikkevassprøvane. Desse viser at det ikkje er bakteriar i drikkevatnet, og vatnet kan no nyttast som normalt.

Vi takkar for tolmodet de har vist gjennom situasjonen og dei utfordringane som har vore.

Med helsing
Vatn og avløp
Volda kommune

 

--------------------------------------------------------------------------------
Tidlegare meldingar:


Pressemelding måndag 02.02.26: Vasslekkasje i Volda sentrum 

Laurdag oppstod ei omfattande vasslekkasje i Volda sentrum. Kommunen hadde to arbeidslag ute gjennom heile dagen og langt utover kvelden for å lokalisere og stenge lekkasjen. Lekkasjen viste seg å liggje heilt nedst i sentrum, på Sivert Aarflot-plassen. Dette førte til at store delar av leidningsnettet tømde seg for vatn, noko som gjorde feilsøket uvanleg krevjande.

Vanskelege søkeforhold

Vanlegvis finn vi slike lekkasjar innan to–tre timar. Metoden går ut på å stenge ventilar for å sjå om vassforbruket går ned. Dersom forbruket held seg uendra, jobbar vi oss vidare gjennom nettet.
I dette tilfellet fekk vi ikkje vassforbruket til å gå ned, uansett kva ventilar vi stengde. I ettertid ser vi at dette skuldast at leidningsnettet truleg var heilt tømt for vatn. Sjølv om vi stengde enkelte soner, fylte nettet seg opp andre stader – og vi fekk difor ikkje dei normale indikasjonane på kvar lekkasjen låg.

For å avgrense søkeområdet stengde vi heile Rotset. Dette førte dessverre til at fleire abonnentar vart utan vatn over lengre tid. Vi beklagar at informasjonen til dei råka ikkje var god nok undervegs. På det tidspunktet visste vi ikkje at arbeidet ville bli så omfattande og vare gjennom heile dagen og kvelden.

Risiko for bakteriar – kokevarsel er sett

Når leidningsnettet vert tømt for vatn, kan bakteriar trekkjast inn i røyra gjennom små lekkasjar. Under normale forhold pressar trykket i leidningsnettet vatnet ut av røyra, slik at framandt vatn ikkje kjem inn.
Ved trykkfall kan grunnvatn finne vegen inn i leidningsnettet, og dette kan føre til ureint drikkevatn.

For å vere på den sikre sida er det innført kokevarsel for alle råka abonnentar. Vatnet som vert brukt til drikke og matlaging må kokast til vi gir ny beskjed.

Vassprøver er tekne – svar tidlegast tysdag

Kommunen tek no nødvendige vassprøvar for å sikre at drikkevatnet er trygt før vi opphevar kokevarselet.
Desse prøvane får vi tidlegast svar på tysdag 3. februar.

Når vasskvaliteten er stadfesta som trygg, vil alle abonnentar få sms-varsling om at vatnet kan nyttast som vanleg igjen.

Vi rår alle til å lese Folkehelseinstituttet sine retningslinjer for kokevarsel:
https://www.fhi.no/sm/drikkevann/rad/kokevarsel/

Takk for tolmodet

Vi forstår at situasjonen har vore krevjande for mange, og vi takkar for tolmodet medan vi arbeider med å sikre vassforsyninga. Kommunen vil evaluere hendinga og sjå på korleis vi kan forbetre både beredskap og informasjon ved framtidige hendingar.