Pressemelding: ordførarane godtek ikkje Statens vegvesen sitt framlegg

Pressemelding: ordførarane godtek ikkje Statens vegvesen sitt framlegg

Uakseptabelt at E39 Voldatunellen ikkje er med i Statens vegvesen sitt framlegg til prioritering av investeringsprosjekt inn mot ny Nasjonal Transportplan (NTP 2022-2033).

Framlegget samsvarar dårleg med utfordringane som Statens vegvesen sjølve la fram i Riksvegutgreiinga 2015 då dei omtalte utfordringa for E39 fram mot 2050. 


Mellom anna skreiv Statens vegvesen då fylgjande om utfordringane for vårt område:
«Tettstaden (Volda) har 6000 innbyggarar. Etter at Kvivsvegen er opna, går det meir tungtrafikk gjennom gatenettet i Volda. Tungtrafikk gjennom lite eigna bygater skapar trafikktryggings- og miljøproblem. Det vert arbeidd med tunnel bak Volda sentrum for å betre forholda.
Vegen gjennom Volda og Ørsta treng omfattande investeringar. Tunnel frå Volda til Furene er pr. juni 2014 ute til andre gongs offentleg ettersyn, og det vert starta opp planlegging av ny fjordkryssing for ytre Ørstafjord.»
Volda kommunestyre vedtok reguleringsplanen for E39 Voldatunellen etter gjeldande krav frå Staten i mai 2018.
Regjeringa Solberg la fram Stortingsmeldinga om gjeldande NTP 2018-2029 i april 2017 med følgjande omtale og prioritering for gjennomføring etter 2024:
«Prosjektet E39 Volda – Furene i Møre og Romsdal omfatter omlegging av E39 utenom Volda sentrum, i hovedsak i tunnel. Prioriteringen er betinget av at det blir tilslutning til et opplegg for delvis bompengefinansiert utbygging av prosjektet.» 


Mange kommunar og næringslivet i regionen har fatta prinsippvedtak om delvis bompengefinansiering av E39 Voldatunnelen gjennom etterskotsinnkreving og Volda kommune har ved fleire høve etterlyst at Statens vegvesen legg fram endeleg bompengesøknad.

Lokalt har vi gjort det vi skal gjere så langt. Vi ser E39 Voldatunnelen som eit bunde prosjekt inn i ny NTP og finn oss ikkje i at Statens vegvesen no overser føringane som Stortinget har lagt for å legge E39 utanom Volda sentrum. Dette for å oppnå viktige miljø- og trafikktryggingsomsyn, samt betre tilhøva for næringstransporten.

Voldatunellen er eit prosjekt som langt på veg er klar til å starte på. Når landet treng å setje i gang vegutbyggingsprosjekt for å sikre arbeidsplassar og aktivitet i næringslivet, vil Voldatunellen difor vere eit nærliggande prosjekt å satse på. For Voldatunellen sin del handlar det om mindre formalia ved at Statens Vegvesen forserer bomepengesøknaden og at Stortinget sikrar fullfinansiering av statleg andel. Dette vil i denne samanhengen vere meir eller mindre bagatellmessig for å utløyse aktivitet.

Pressemelding frå ordførarane i Volda og Ørsta 20.03.20 (PDF, 678 kB)