Pressemelding - Rekneskap 2025

Pressemelding - Rekneskap 2025

Volda kommune brukte 32,4 millionar meir enn inntektene i 2025 – men likevel betre resultat enn forventa.

Førebels rekneskap viser at kommunen kjem ut med eit negativt netto driftsresultat i 2025 på 29 mill kroner. Siste budsjettjusteringar i fjor la opp til negativt netto driftsresultat på 59 mill kroner. Resultatet er difor 30 mill kroner betre enn budsjettert.

Årsak til at kommunen kjem betre ut enn budsjettert er mindreforbruk i sektorane og auka skatteinntekt. Her ser vi at tiltak med innkjøpsstopp og tilsettingsstopp ute i sektorane har gitt resultat.  

Kommunen har framleis ei for høg drift i forhold til inntektene. I 2025 vart det brukt 32,4 mill kroner frå disposisjonsfondet for å få balanse i rekneskapen.

Vi går inn i år 2026 med eit disposisjonsfond på 72 mill kroner. Økonomisjef Kari Mette Sundgot og kommunedirektør Rune Sjurgard seier at det er positivt at resultatet er betre enn forventa. Men vil samtidig presisere at kommunen brukte 32,4 millionar meir enn inntektene i 2025. Det er derfor viktig å ha fokus på gjennomføring av omstillingsprosessane som er vedtekne i år.

Rekneskapen er ikkje ferdig revidert så endringar kan skje etter revisjonen er ferdig med sitt arbeid.