Pressemelding - Rekneskapsresultatet i Volda 2021– eit resultat som styrkar disposisjonsfondet

Pressemelding - Rekneskapsresultatet i Volda 2021– eit resultat som styrkar disposisjonsfondet

Kommunen fekk eit positivt netto driftsresultat på 42,4 mill.

Rekneskapsresultatet i Volda 2021– eit resultat som styrkar disposisjonsfondet

Kommunen fekk eit positivt netto driftsresultat på 42,4 mill. I forhold til totale inntekter utgjer dette ein resultatgrad på 3,79 %. Dette er godt over kommunen si målsetting på 1,75 % som er nivået for at ein skal ha tilfredsstillande økonomisk handlingsrom. 31,7 mill av netto resultat vert sett av til disposisjonsfondet som dermed er på 86,8 mill kroner.

Stor del av netto driftsresultat kjem av auka skatteinntekter, der skatteinngangen for kommunesektoren auka med 16 % i 2021.

Fjoråret representerer ikkje noko normalt år. Til tross for at drifta stort sett har gått sin gang, så har likevel koronasituasjonen medført lågare aktivitet. Dette er også ei av årsakene til mindreforbruket. Det vart gjort eit særs grundig arbeid med å betre økonomirutinane i den nye kommunen, og dette ser ein effekt av både i 2020 og i fjor.  Det er gledeleg å sjå at ein har god oversikt og styring av økonomien og at ingen av sektorane har eit meirforbruk i 2021.

Det er positivt at vi fekk eit resultat som gjer det mogleg å styrke disposisjonsfondet. I økonomiplanperioden 2022 – 2025 er det planlagt å bruke 30,1 mill for å ha balanse i drifta. Kommunen treng ein buffer for å møte auka renteutgifter knytt til høg lånegjeld og uføresette utgifter.

Rekneskapen er førebels ikkje revidert og det må derfor takast atterhald om ev endringar etter revisjon.

 

Kontaktpersonar:

Økonomisjef Kari Mette Sundgot

Kommunedirektør Rune Sjurgard

Kontakt

Rune Sjurgard
kommunedirektør
E-post
Mobil 90 05 37 52
Kari Mette Sundgot
økonomisjef
E-post
Mobil 90 60 16 80