Pressemelding - Svar til bekymringsmelding frå pasient- og brukarombodet

Pressemelding - Svar til bekymringsmelding frå pasient- og brukarombodet

Bilete av inngangspartiet utanfor Volda omsorgssenter. - Klikk for stort bilete Volda kommune

Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal har motteke anonym uromelding knytt til Volda omsorgssenter.  Du kan lese administrasjonen sitt svar til bekymringsmeldinga her. 

Uromeldinga

Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal har fått anonym uromelding knytt til Volda omsorgssenter.

– Dette dreier seg om tvang, besøksrestriksjonar, historier frå pårørande fortalt i media, arbeidsmiljø og avvikshandtering. Volda kommune tek på alvor alle attendemeldingar og synspunkt som kjem i samband med tenestene vi leverer. I den daglege tenesteytinga i helse- og omsorgssektoren skjer det løpande kommunikasjon mellom tenesteytarane og brukarane og pårørande som er med på å utvikle tenestene våre. Når det gjeld dei påstandane som kjem fram i den anonyme uromeldinga, kjenner vi oss ikkje heilt igjen, seier kommunalsjef Svein Berg Rusten.

– Volda kommune meiner å gi forsvarlege og gode tenester til bebuarane. Vi opplever i all hovudsak gode attendemeldingane frå pårørande, der dei formidlar å vere trygge for tilbodet og at dei kan slappe av når den dei er pårørande til er bebuar i desse bugruppene uromeldinga rettar seg mot. Påstand om dårleg arbeidsmiljø harmonerer ikkje med at lågt sjukefråver og gode resultat frå arbeidsmiljøundersøking ved same avdeling.

– Brukarundersøking om oppleving av kvaliteten på mat og måltid viser høg grad av tilfredsheit. Vi meiner også at vi har gode og innarbeidde rutinar som sikrar god rettstryggleik for bebuarane. Vi opplever at det store fleirtal er tilfredse med tenestene i avdelingane som uromeldinga rettar seg mot. Vi har likevel respekt for at nokon kan oppleve det annleis.

– Det hadde vore tenleg om vi kunne opprette direkte dialog med den som opplever dette på denne måten, slik at vi kan samsnakkast for å leggje til rette slik også vedkomande kan få god oppleving. Kommunen er open for dialog med alle som ynskjer det og vil sette pris på direkte dialog utan at nokon skal vere utrygge for at dette vil medføre sanksjonar på noko vis.  Vi er opptekne av å utvikle tenestene våre, og gjennom open og direkte dialog er vi opne for attendemeldingar der brukarane og pårørande kan bidra med slik utvikling. 

Administrasjonen sitt svar til pasient- og brukarombodet finn de her:  

Viser til bekymringsmelding mottatt 19.04.23.

I brevet frå pasient- og brukarombodet kjem det fram bekymring for tilstandar på Volda omsorgssenter som dreier seg om tvang, besøksrestriksjonar, historier frå pårørande fortalt i media, arbeidsmiljø og avvikshandtering. Volda kommune vil med dette gjere greie for vårt syn i høve desse bekymringane.

Bekymring omkring bruk av tvang:

Innleiingsvis skal vi prøve gjere greie for:

Korleis ein jobbar for bebuarane, kva ein gjer for å bygge kompetanse og skape godt arbeidsmiljø:

Dei to bugruppene det særskildt vert framheva i bekymringsmeldinga frå pasient- og brukarombodet, Pile- og Kleppetunet,  er ein seksjon som har miljøarbeid og miljøtiltak som hovudfokus. Der er eit stort pasientfokus, og pasientane sitt beste forsøker ein alltid å gi førsteprioritet. Der er ei bemanning ein meiner er godt tilpassa utfordringane, og ein strekker seg for å gi tid til den enkelte. Der er mange aktivitetar, og ein legg vekt på å vere mykje ute. Aktivitetane er tilpassa interessene og utfordringane til den enkelte. Kvart halvår vert det laga ein aktivitetsplan der ein legg planar kva ein vil ha fokus på og kva aktivitetar ein ønsker å gjennomføre komande halvår. På denne halvårsplanen står det blant anna: fellesmiddag i «glashuset» med Pile- og Kleppetunet ein gong i mnd, middagslaging der pasientane er med og lagar mat, pårørandekaffi før sommaren, felles songstund ein gong i veka,  bålpanne og uteaktivitetar, turar ( lokale turmål som «Panoramavegen» og Andaneset – ein har også i vår vore på biltur med lunsj til Sæbø, for å nemne noko), hagearbeid, planting mm. I tillegg til dette lagar ein kvar helg mat i bugruppene saman med pasientane, ein puslar, syng, spelar spel, har påskeverkstad/juleverkstad etc etc. Pasientane og deira beste er som sagt alltid i fokus, både kva som er mogleg å få til i små eller litt større grupper og kva som er individuelle behov og tilpassingar.

Aktivitetar vert individuelt tilpassa, ikkje alle kan ta del i alle aktivitetane av naturlege årsaker.  Dette er ei vurdering den fagleg sterke og kompetente personalgruppa tek seg av. Det er viktig med ein tilpassa balanse mellom  aktivitet og kvile. Dei tilsette strekker seg langt for å alltid ha oversikt over kvar alle bebuarane er til ei kvar tid, og vurderer ein behov for at ein pasient treng å skjermast frå dei andre vil det alltid være tilstade personale hjå denne pasienten.

Personalgruppa er samansveisa, og arbeidsmiljøet er godt. Ein har bebuarmøter, seksjonsmøter og andre møter jamleg og etter behov. Seksjonen har kontakt og dialog med spesialisthelsetenesta etter behov, alderspsykiatrien er her jamleg og desse gir gode tilbakemeldingar til seksjonen ang handtering av ulike utfordringar.

Ein har stort fokus på kompetansebygging hjå personalet som skal jobbe i ein slik seksjon. Dei aller fleste faste tilsette, og svært mange av vikarane, har gjennomført eller held på å gjennomføre demensomsorgens ABC perm 1 og 2. I tillegg er det fleire som har gjennomført permen om psykiske lidingar hjå eldre. I år har ein også ei gruppe som held på med ein musikkkperm. Mange av dei tilsette har også vidareutdanningar av ulikt slag og mange av helgevikarane er studentar som held på med relevant utdanning. Ang unge vikarar så er det også i denne seksjonen, som alle andre stadar i arbeidslivet, ei nødvendigheit å bruke unge vikarar. Ein ser på dette som ein ressurs, og vi har erfart at unge vikarar som starta som helgevikar i seksjonen har valt ei helsefagleg karriere og enda opp som sjukepleiar i fast stilling både i denne seksjonen og andre seksjonar. Fagdekninga generelt sett er høg, og ein har alltid kvalifisert personal på jobb.

Personalet som jobbar i seksjonen har stor omsorg for bebuarane og deira pårørande. Ein opplever å få tilbakemeldingar frå pårørande om tenester utover det som er forventa. Sjukefråværet er svært lågt, faktisk den turnusarbeidsplassen i helse- og omsorg med lågast sjukefråvær. Påstandane om dårleg arbeidsmiljø er vanskeleg å skjøne med bakgrunn i det låge sjukefråværet.

Diagram som viser sjukefråvær i helse- og omsorgstenestene, Pile/Kleppetun, for i år og i fjor – inkludert sjukemeldingar og eigenmeldingar. Hittil i år 3,71%, siste 12 månadene 4,08% - Klikk for stort bilete Illustrasjon

Utifrå desse tala er det meir nærliggande å snakke om korleis ein seksjon med ein så krevjande arbeidskvardag og så mange tilsette klarer å halde sjukefråværet vedvarande på så lågt nivå? For kort tid sidan var nettopp denne seksjonen med seksjoneleiar, plassverneombod og plasstillitsvald for Fagforbundet og NSF(Norsk sjukeepleieforbund) og orienterte det kommunale arbeidsmiløutvalet(AMU) om kva dei gjer som gir slike resultat. Seksjonen fekk samstemt applaus frå arbeidsmiljøutvalet etter presentasjonen.

Arbeidsmiljøet er upåklageleg, besøkande melder om ei god stemning når dei kjem inn i seksjonen.

Medarbeidarsamtalar er gjennomført årleg, ingen av dei tilsette dei siste åra har kommentert noko om negativt arbeidsmiljø. Sist haust vart det gjennomført 10-faktor kartlegging  (arbeidsmiljøundersøking) i seksjonen.

Tabell som viser resultat frå medarbeidarundersøking frå 10-faktor. Den viser eit snitt som ligg mellom 4,1-4,8 samanlikna med landsgjennomsnittet som ligg mellom 3,7 og 4,7. - Klikk for stort bilete Illustrasjon

Seksjonen scora godt på denne og resultatet er over landssnittet på alle punkt. Det vitnar om ei arbeidsgruppe som opplever jobben sin som meiningsfull, der dei får bygge og bruke kompetansen sin og har stor motivasjon i å jobbe nettopp her. Her er altså både anonyme og ikkje anonyme undersøkingar som seier noko om at ting fungerer. Seksjonen har omtrent ikkje- eksisterande turnover, personalet ein rekrutterer inn vert stort sett verande til dei er pensjonistar eller flyttar frå bygda. 

Bruk av tvang og tvangsvedtak:

Seksjonen er godt kjend med lovverket som regulerer bruk av tvang. Ein har stor respekt for lovverket som regulerer rettar og plikter i høve dette og ein har stor respekt for tryggleiksbehovet mange pårørande kjenner på, og ikkje minst, tryggleiken til bebuarane som bur her. Korleis klarer vi balansere desse utfordringane på ein god måte?  

I seksjonen jobbar ein med eit sterkt fokus på miljøarbeid. Å vere i forkant av hendingar er det beste for bebuarar, og ein ser at ein i stor grad lukkast med dette. Dersom ein pasient vil ut, går ein tur med pasienten, om ein ikkje ønsker hjelp til stell, utset ein stellet til bebuaren er klar. Dersom ein pasient er uroleg, jobbar ein med denne pasienten på den måten som fungerer for den enkelte, nokon kan lukkast med å avleie, andre kan ein realitetsorientere medan for andre igjen er det validering som er mest hensiktsmessig.

Alle pasientar er vurdert samtykke på, og ved endringar i tilstand vert det gjort nye vurderingar. Noko kan sjukepleiar vurdere, elles er det lege som er inne og vurderer dette.

Tvangsvedtak vert skrive etter behov, her har ein malar og lovverk ein forheld seg til. Behovet for evt tvangsvedtak er eit tema på visitt når ein går gjennom pasienten. Det er visitt ein gong i veka.

Avsnittet under er henta frå : https://nasjonalforeningen.no/demens/stotteordninger-og-rettigheter/

 

“Skjermet enhet i sykehjem

Mange sykehjem har skjermede enheter for personer med demens. Her har seks til åtte beboere hvert sitt rom, knyttet til felles dagligstue og kjøkken. Den skjermede enheten er skilt fra de andre avdelingene, og omgivelsene skal være oversiktlige for beboerne, og skjerme dem fra for mange inntrykk. Skjermede enheter skal være bemannet med fast personale, for å gi pasientene stabilitet, trygghet og omsorg, og beboerne skal få tilbud om aktiviteter tilpasset deres funksjonsnivå.

De fleste steder er oppholdet i skjermet enhet ment å vare så lenge personen har nytte av miljøet. Når vedkommende blir fysisk svært hjelpetrengende, må man ofte flytte til en vanlig sykehjemsavdeling, noe som krever omstillingsevne, både hos beboeren og pårørende.

Når noen må flytte til en annen avdeling, skal vedkommende selv og pårørende informeres og rådføres. Noen sykehjem har små, ekstra godt bemannede enheter for personer med demens som er særlig urolige, eller har andre spesielle behov. Det er for å skape et trygt miljø, slik at skadelige handlinger og uro i så stor grad som mulig kan unngås.

Plass i institusjon eller bolig med heldøgns omsorgstjenester er hjemlet i helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2, punkt 6 c

Grunnen til at her er to låste dører til Pile- og Kleppetunet er fordi desse bugruppene er skjerma. Dei to andre bugruppene i 2.etg har opnare miljø, men for tryggleiken til bebuarane er opninga mot trapperommet stengt med kode. Når det unntaksvis er bebuarar frå desse bugruppene som aktivt ynskje seg ut, vert det gjort individuelle vurderingar, på same måte som for Pile- og Kleppetunet. Eksempel på løysing kan vere bruk av GPS eller få tildelt kode eller adgangskort. For dei det må fattast vedtak på, vert dette gjort.

Pile- og Kleppetunet er som sagt skjerma einingar og pasientane treng tryggleik, ro, tilpassa aktivitet, og meir oversiktlege områder. Målet er at pasientane skal oppleve individuell omsorg, ro, forutsigbarheit, tilrettelagt aktivitet/kvile og ein meiningsfull kvardag. Med tett individuelt tilpassa oppfølging og ein stor grad av miljøtiltak, ser ein også at ein har mindre behov for medikamentell behandling. På denne eininga er det stort fokus på så lågt medikamentell bruk som mogleg, og at ein heller bruker miljøtiltak som verkty. Alltid miljøtiltak før medisin. Verdigheit er også eit sentralt punkt når det kjem til dette med små einingar, pasientane som bur her har ei alvorleg demensdiagnose og dei har mista mykje. Det å føle seg akseptert og respektert, i trygge og overkommelige omgjevnader, med kjente trygge folk rundt seg, er svært viktig og eit særs viktig fokus å ha i demensomsorga. Angst og uro som også gjerne er følgjetilstandar av alvorleg demenssjukdom er også enklare å følgje opp i små trygge miljø, og vi ser også at mange som har hatt slike utfordringar før, reduserer plagene av desse når dei kjem inn i skjerma eining. 

 

Pasient- og brukarombodet tek opp bekymringar på det som vert omtalt som besøksrestriksjonar.

Kva ligg til grunn for bakgrunnen for oppslaget og tekstmeldingar til pårørande?

 

Det står presisert på både tekstmelding til pårørande og arket at ein er svært glade i og for besøk på bugruppene.  Ein har ikkje besøksreglar eller besøksrestriksjonar. Ein tek i mot besøk alle timar i døgnet og alle dagar i veka.  Det ein ber om er at av omsyn til andre pasientar og pasientsikkerheit vert besøk i –hovudsak- gjennomført på rommet til bebuaren, eller ein kan gå ut av bugruppene. Det står også presisert på lappen at om ein lurer på kvifor ein ønsker dette, kan ein ta kontakt med personalet og få svar på kvifor.

Her er mange koselege sittegrupper rundt omkring både i denne etg og i kafeen. Her er også eit fint turområde rundt institusjonen. Mange av pasientane er glade i å gå tur. Ein skriv ingenting på arket om at ein ikkje har lov til å sitte i fellesområde, men ein ber om at ein ikkje gjer det. Dette er som sagt av omsyn til dei andre pasientane, men også den ein er på besøk med. Pasientane som bur på Pile- og Kleppetunet har alle ei demensdiagnose, og denne sjukdomen utartar seg på ulike måtar. Storparten av pasientar her profitterer på 1-1 kontakt, og vår anbefaling er difor at ein gjennomfører besøket i rolege omgjevnader. Då vil pasienten få mest ut av besøket. Da vil ein (etter boka) også oppnå best kontakt. Omsynet til dei andre pasientane er også viktig å ta høgde for. Her har ein som helsepersonell eit ansvar for å ivareta GDPR og å ha fokus på pasienttryggleik. Nokre av dei som bur her er svært sjuke, og dei bur i ein skjerma seksjon nettopp fordi dei treng å bli skjerma- men på ulike måtar. Skjerma for støy, uro, manglande filter, inntrykk etc.

Lappen det er bilete av har hengt på døra sidan juni 2021, utan nokon negative reaksjonar før denne bekymringsmeldinga. Ein har fått nokre spørsmål om kvifor det er slik, dei som har spurt har fått svar og gitt utrykk for forståing. Tekstmelding vart 16 august -22. sendt ut som ei påminning til dei hovudpårørande. I tekstmeldinga står det også at ein er svært glade i besøk, og det står heller ingen ting om at noko ikkje er lov. Ein er som sagt svært glade i at pårørande og venner/bekjente kjem på besøk i bugruppene, det er desse som kjenner bebuarane aller best og dei er ein kjemperessurs for tilsette i seksjonen til å bli betre kjent med bebuaren, korleis handtere situasjonar, få vite meir om bakgrunn osv. Fellesmeldingar til hovudpårørande er eit verkty ein brukar når det er viktig å få ut lik informasjon til alle. Desse meldingane inneheld aldri sensitiv informasjon, men kun generell informasjon. Denne rutinen er lik på alle seksjonar ved institusjonen.

 

Misnøye med mat.

Ein kan konstatere at oppleving av om maten smakar godt, er i store nok porsjonar, er tilstrekkeleg næringsrik eller er tilstrekkeleg individuelt tilrettelagt er vanskeleg å få eit eins svar på. Det nærmaste ein kan kome er å spørje fleire personar om kva dei synest. Det gjorde vi sist haust gjennom «bedrekommune.no» si spørjeundersøking. Vi spurte pasientar på omsorgssenteret, brukarar av heimebaserte tenester og brukarar av dagtilbodet for eldre. Vi spurte om fleire ting også, og legg derfor med nokre oppsummeringar av dette her.

Frå bebuarane på sjukeheimane fekk vi dette svaret: (karakterskala frå 1 til 6, der 6 er best).

Tabell frå brukarundersøking. Viser at brukarane i Volda er meir tidlfredse med mattilbodet enn landsgjennomsnittet. - Klikk for stort bilete Tabell

Dei tre store samlokaliserte døgnbemanna omsorgsbustadane for eldre, tilsaman 65 bebuarar, har svart på same undersøkinga. Dei får også dagleg servert same mat som bebuarane på sjukeheimane. 

Tabell som viser kor fornøgd dei som bur på døgnbemanna omsorgsbustadane Barstadtu, Fjordsyn g Folkestadtun er, samanlikna med Norge. Snittet er høgre enn resten av landet. - Klikk for stort bilete Tabell

Brukarane av dagsenteret for eldre, som ligg på omsorgssenteret og får servert same mat som bebuarane på institusjonen, har gitt denne attendemeldinga gjennom undersøkelsen:

Tabell frå undersøking om mat for dagsenteret. Gjennomsnittet viser 5 på kor fornøgde dei er med maten og 5,6 om kor hyggelige dei synes måltida er. - Klikk for stort bilete Tabell

Samla tilbakemelding frå desse spørjeundersøkingane gir ein peikepinn på korleis oppleving med maten vi leverer er. Vi veit at oppleving av mat er «ferskvare». At maten ein leverte i går var god, betyr ikkje maten i dag er like god. Dei tilsette på kjøkkenet har heile tida fokus på å lage god mat og dei tilsette ute i organisasjonen må hele tida ha fokus på å lage den gode ramma omkring servering og gjennomføring av måltida.   

Avsluttande kommentar:

Volda kommune meiner å gi forsvarlege og gode tenester til bebuarane. Ein opplever i all hovudsak gode attendemeldingane frå pårørande, der dei formidlar å vere trygge for tilbodet og at dei kan slappe av når den dei er pårørande til er bebuar i desse bugruppene. Ein meiner også at ein har gode og innarbeidde rutinar som sikrar god rettstryggleik for bebuarane. Ein stiller seg undrande til beskrivelsane i bekymringsmeldinga, men har respekt for at nokon kan oppleve det slik. Kommunen er open for dialog med alle som ynskjer det og vil sette pris på direkte dialog utan at nokon skal vere utrygge for at dette vil medføre sanksjonar på noko vis.  Vi er opptekne av å utvikle tenestene våre, og gjennom open og direkte dialog er vi opne for attendemeldingar der brukarane og pårørande kan bidra med slik utvikling.