Radikal innovasjon på Søre Sunnmøre

Radikal innovasjon på Søre Sunnmøre

Bilete av Ragnhild Velsvik Berge er kommunedirektør og medlem i strategisk råd for Radikal Innovasjon. Henrik Dons Finsrund og Ingrid Bichfeldt frå KS jobbar i partnerskapet. Dei er avbilda oppstilt framføre skjerm med presentasjon av prosjektet. - Klikk for stort bileteRagnhild Velsvik Berge er kommunedirektør og medlem i strategisk råd for Radikal Innovasjon. Henrik Dons Finsrund og Ingrid Bichfeldt frå KS jobbar i partnerskapet. Rune Sjurgard Kommuneleiinga på Søre Sunnmøre møttest på Høgskulen i går for å få eit innblikk i KS sitt nasjonale partnarskapsprosjekt for radikal innovasjon.

Kommuneleiinga på Søre Sunnmøre møttest på Høgskulen torsdag 8. september for å få eit innblikk i KS (Kommunesektorens interesseorganisasjon) sitt nasjonale partnarskapsprosjekt for radikal innovasjon.

Utanforskap og demografi

Prosjektet er retta mot to av dei større utfordringane i kommunane, utanforskap og demografi. For å løyse desse store samfunnsutfordringane må ein løfte dette opp og finne løysingar saman der kvar og ei kommune sjølv vert for lita.

Kartlegging 

Det er samla god kapasitet og kompetanse i dette prosjektet. I prosjektet skal ein gjere kartlegging av kompliserte samanhengar og utvikle verkty som kommunane kan bruke for å reflektere over forholda i sitt eige lokalsamfunn. Ein skal sjå konsekvensane av ulike handlingsalternativ og prioriteringar som kommunestyret kan velje mellom.

Utviklingstrendane

Dei nasjonale utviklingstrendane treffer også kommunane på Søre Sunnmøre. Det er ein auke i talet på barn som veks opp i låginntektsfamiliar, vi har innbyggjarar som kjem inn under utanforskap og vi får bortimot ei dobling av eldre over 80 år fram til 2040.

Dersom vi held fram med tenesteytinga slik, vil vi oppleve at vi ikkje har tilstrekkelege ressursar til å drifte tenestene, og vi vil heller ikkje ha nok fagfolk til å dekke tenestebehovet. Vi vert nødt til å tenke annleis, og vi må ta grep no. Slike grep må vere tufta på langsiktige perspektiv. Dei prioriteringane vi gjer i dag vil ha konsekvensar for fleire tiår, og det er svært viktig at prioriteringane er tufta på god kunnskap om samanhengane.

Partnerskapet for Radikal innovasjon skal nettopp verte eit reiskap kommunane kan bruke for å få oversikt over situasjonen i den enkelte kommunen og sjå utfallet av ulike alternative prioriteringar i ein heilskapleg og langsiktig perspektiv.

Bilete av ordførarar, kommunedirektørar og kommunalsjefar i helse og omsorg som lytta med interesse og deltok aktivt i diskusjonar gjennom dagen på møte om radikal innovasjon. - Klikk for stort bilete Rune Sjurgard   

Bilete av ordførarar, kommunedirektørar og kommunalsjefar i helse og omsorg som lytta med interesse og deltok aktivt i diskusjonar gjennom dagen på møte om radikal innovasjon. - Klikk for stort bileteOrdførarar, kommunedirektørar og kommunalsjefar i helse og omsorg lytta med interesse og deltok aktivt i diskusjonar gjennom dagen. Rune Sjurgard     

Les meir om Radikal innovasjon og Fremtidsverktøyet her:

https://www.ks.no/fagomrader/innovasjon/partnerskap-for-radikal-innovasjon/om-partnerskap-for-radikal-innovasjon/dette-er-partnerskap-for-radikal-innovasjon/

https://www.ks.no/fagomrader/innovasjon/norge-2040/