Totalt tok 3 arkitektkontor del i konkurransen og konkurranseutkasta som vart levert var:
- «Og den leiken den ville han sjå» utarbeida av Ratio Arkitekter AS
- «Agora» utarbeida av NSW Arkitektur AS
- «Millom bakkar og berg» utarbeida av Fabel Arkitekter AS
Konkurranseutkasta vart vurdert av ein eigen jury som føretok ei heilskapsvurdering basert på fylgjande kriterier i uprioritert rekkefylgje:
- Gjennomførbarheit
- Overordna grep og arkitektonisk kvalitet
- Fleksibilitet og tilgjengelegheit
- Miljøløysingar
I fylgje juryen har vinnarkonseptet «Og den leiken den ville han sjå» eit svært tiltalande og velfundert løysingsforslag. Mange element som er beskrive i konkurransegrunnlaget har blitt løyst på ein tilfredsstillande måte og forslaget let seg lett omarbeide og vidareutvikle utan at hovudkonseptet vert forringa.
I juryen sat:
Ivar Aamlid, sivilarkitekt frå Slyngstad Aamlid Arkitekter, juryen sin leiar
Grete Marøy Sellevoll, sivilarkitekt frå Nordplan AS
Frode Frøyen, sivilingeniør frå Nordplan AS
Ivar Kvangardsnes, styremedlem Volda Utvikling AS
Pergunn Rødseth Gjerdsbakk, styremedlem Volda Utvikling AS
Det er no sett ei karensperiode fram til 03.04.22. Etter utløp av karensperioden vil vinnande arkitektfirma bli invitert til å gje pristilbod på tenestekontrakt for utarbeiding av forprosjekt for Byggetrinn 1, samt ev. opsjonar for prosjektering av etterfølgjande byggetrinn.
Ratio Arkitekter AS