Refleksens dag

Refleksens dag

Refleksdagen blir markert over heile landet kvar tredje torsdag i oktober kvart år. Bruk 5 minutt i løpet av denne helga og fest refleks på jakker og bagger. Runde lys som lyser i mørket.

I 2023 vart refleksdagen markert torsdag 19. oktober. Målet er å få folk til å bruke refleks, slik at dei er meir synlege i trafikken og ikkje hamnar i ei ulykke.

Invester 5 minutt i dag

Er du blant dei som gløymer refleksen? Bruk 5 minutt i løpet av denne helga og fest refleks på jakker og bagger. Det er ei smart investering av tid! Kjøp også gjerne kle med påsydd refleks. Dess meir refleks, dess betre!

Har du gjort dette har du ein ting mindre å hugse på i kvardagen, og du er trygg i mørket.


Refleksens dag vart arrangert for første gang i 2006. Det er Trygg Trafikk som står for denne markeringa.


Ver eit førebilete, bruk refleks! Du kan vere med på å redde liv.