Regional leiarsamling for barnehagane i Sjustjerna

Heile 230 er påmeldte til samlinga som skal vere i Honndalshallen 15. september.

Samlinga er for styrar og leiarteam i kommunale og private barnahagar i Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda, Vanylven og Ørsta.

Målet med samlinga er fagleg og praksisnær leiarstøtte som styrkar leiarane sitt arbeid i laget rundt barna, med implementering av "Rammeplan for barnehage" som overordna tema. 

Utviklingspartnar er Linda Marie Viddal, Høgskulen i Volda

Program for dagen

  • 09:00 - 09:15 Velkomen v/ Bodil Brautaset, avdelingsleiar barnehage Volda kommune.
  • 09:15 - 11:30 Innlegg og øvingar v/Linda Marie Viddal, Høgskulen i Volda. Linda styrer beinstrekk.
  • 11:30 - 12:15 Minglelunsj – relasjon- og kompetansebygging.
  • 12:15 -14:15 Framhald av faginnlegg og øvingar v/ Linda Marie Viddal. Linda styrer beinstrekk og pause,
  • 14:10-14:30 Evaluering: Pluss Delta Avslutning v/ Iren Yksnøy Lianes, rådgjevar barnehage Ørsta kommune.