På bildet ser vi arbeidsgruppa som har arbeidd med å planlegge kursrekka for tilsette. Dette er (frå venstre) Oda Karin Virkesdal, sjukepleiar Heimetenestene, Vanja Eikrem, fysioterapeut ved Førebygging og rehabilitering, tilknytt Klokkarstova, Monica Hovden, sjukepleiar kvardagsrehabilitering og miljøterapeut ved Bu og habilitering, Inger Lise Telseth, helsefagarbeidar Klokkarstova og Oddhild Bjåstad, ergoterapeut ved Førebygging og rehabilitering, tilknytt Klokkarstova. Vidare består prosjektet av ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe.
I samband med regjeringa sin visjon om å skape pasienten si helseteneste vert det kurs for å styrke rehabiliteringskompetansen til helsepersonell i kommunen.
Bakgrunn for prosjektet «Rehabilitering med brukar i sentrum».
Regjeringa sin visjon er å skape pasienten si helseteneste, med mål om at hovudtyngda av innsatsen skal skje i kommunen der brukaren bur. Opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering (2017-2019) gjev også føringar for korleis ein må prioritere, og at det må jobbast annleis inn mot brukarar som treng rehabilitering. I 2018 kom der ein ny definisjon på rehabilitering sett i eit livsløpsperspektiv og som set endå større krav til kommunen si rehabiliteringsteneste, og derav kompetanse og kapasitet.
Målsetting for prosjektet:
- Mål 1: Kompetanseheving: Tilsette i helse- og omsorgssektoren har den nødvendige kompetansen og forståinga for kva rehabilitering er og kva ein rehabiliteringsprosess inneber. Brukar i fokus, "Kva er viktig for deg?"
- Mål 2: Rutinar og system: Rehabiliteringsarbeidet er organisert slik at informasjonsflyt, pasientsikkerhet og pasientflyt er godt ivareteke.
- Mål 3: Dei ulike tenestene i sektoren har kunnskap til kvarandre og samhandlar på ein slik måte at brukar opplev rehabilitering som ei koordinert og saumlaus teneste.
- Mål 4: Mestring og myndiggjering: Pasientar og pårørande får tilstrekkeleg kunnskap og informasjon til å handtere kvardagen etter eit rehabiliteringsopphald. «Kva er viktig for deg?».
Vi startar kursrekka med to identiske «kick off» dagar på Høgskulen i Volda, tysdag 5/10-21 og onsdag 6/10.-21.
Bente Hasle, ved Høgskulen i Volda, skal halde ei førelesing med tema mestring og myndiggjering. Ergoterapeut Marte Husøy frå Mork rehabiliteringssenter skal ha innlegg om rehabilitering ved kognitive vanskar. Tidlegare forbundsleiar i Norsk Ergoterapeutforbund, Nils Erik Ness, skal ha innlegg om kvardagsaktivitetane si betydning for helse og identitet, og bærekraft for samfunnet.
Vidare vert det kurs med tema som: Kva er rehabilitering?, trening og forflytning, omsorgsrolla i rehabilitering, mestring og myndiggjering, koordinerande eining og individuell plan.