Reiselivsmøte 15. juni

Reiselivsmøte 15. juni

Bilete av golfbane i Volda - Klikk for stort bilete Volda kommune

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre invitererer til informasjonsmøte 15. juni, kl 14.00-16.00 på Aasentunet.

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre invitere reiselivsbedrifter i Volda og Ørsta til informasjonsmøte 15. juni, klokka 14.00-16.00 på Aasentunet.

Her vil dei presentere mellom anna:

  • Fordelar ved medlemskap i destinasjonsselskapet og kva det betyr og inneber for di bedrift.
  • Websida og reiseplanleggaren – korleis kan du bli synleg på visitalesund, fjordnorway og visitnorway.
  • Det nye felles reiselivsprosjektet for Ørsta, Volda, Herøy, Sande, Vanylven, Ulstein og Hareid.

Vi håper så mange som mogleg vil kome.
Møtet er ope for alle reiselivsbedrifter, også ikkje-medlemer. Eller kanskje du tenker på å starte ei bedrift, eller er i oppstartsfasen?
Dette er eit kjempefint høve til å verte betre kjend med både destinasjonsselskapet og til å møte andre reiselivsaktørar.

Påmelding innan 14. juni til Destinasjon Ålesund & Sunnmøre: https://forms.office.com/e/6DsY6UrW6r

Frå destinasjonsselskapet så kjem:

  • Anita Nøring, medlemskontakt og leiar for turistinformasjonen
  • Audun Hopland, prosjektleiar for det nye reiselivsprosjektet
  • Tom Skrede, reiselivssjef
  • Helen Siverstøl, presseansvarleg og prosjektleiar

 Dersom nokon ønsker møte med dei før eller etterpå, så ta gjerne kontakt med Helen Sivertstøl, prosjektleiar og presseansvarleg. Ta gjerne kontakt også dersom du ikkje kan kome, men ønsker å ta ein prat med Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.
 

Kontaktperson i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre:

Helen Siverstøl

Prosjektleiar og presseansvarleg

Tel: +47 93 03 40 27

#visitalesund