Rektor ved Mork skule

Rektor ved Mork skule

May Britt Myklebust Høydal er tilsett som rektor ved Mork skule frå 1. august 2025. Ho er konstituert i stillinga dette skuleåret.

May Britt Myklebust Høydal ut i rådhusparken - Klikk for stort bileteMay Britt Myklebust Høydal Volda kommune

May Britt Myklebust Høydal er tilsett som rektor ved Mork skule frå 1. august 2025. Ho har vore konstituert i stillinga frå 2024 og vil vere det ut dette skuleåret.

Høydal kjem frå stilling som lærar ved Volda ungdomsskule, der ho har arbeidd sidan 2004.

Ho er utdanna allmennlærar, der ho særleg har undervist i matematikk og KRLE. I dei siste åra har ho og teke vidareutdanning i spesialpedagogikk, og hatt spesialundervisning som ein del av stillinga si. Den store interessa for matematikk førte Høydal inn i styret for LAMIS (Landslaget for matematikk i skulen) Sunnmøre, eit verv ho har hatt sidan 2016.


Utanom arbeid har May Britt vore engasjert mor i både Volda fotball, KFUM volleyball og Bratt sykkelklubb. Vi gratulerer May Britt med stillinga som rektor, og ønskjer lykke til med nye utfordringar!