Ressursgruppe for frivilligsentralane

Ressursgruppe for frivilligsentralane

Frivilligsentralane i Volda kommune søker etter personar til å delta i ressursgruppa for frivilligsentralane. Ressursgruppa er eit drøftingsorgan og deltakinga er på frivillig basis.

Astrid Gjersdal og Sofie Kristine Orheim Hansen - Klikk for stort bileteF.v.: Astrid Gjersdal, leiar Volda Frivilligsentral og Sofie Kristine Orheim Hansen, leiar Hornindal Frivilligsentral. Volda kommune

 

Frivilligsentralar er mangfaldige møteplassar bygd på premissar frå lokalsamfunnet, ivareteke av tilsette i samhandling med frivillige, lag og og oranisasjonar, næring og kommune (Norges Frivilligsentraler, landssamanslutninga for alle frivilligsentralane i landet).

Som eit viktig verkemiddel for å ivareta målsetjingane i forskrifta frå staten søker Frivilligsentralane i Volda kommune etter personar til å delta i ressursgruppa for Frivilligsentralane. Ressursgruppa er eit drøftingsorgan og deltakinga er på frivillig basis.

Personane vi søker etter har:

  • God kjennskap til kva som rører seg i lokalsamfunnet med vekt på frivillig sektor
  • Nettverk som kan medverke til ide-og kunnskapsdeling
  • Motivasjon og vilje til å bidra for å gjere frivilligsentralane til gode og nyttige lokale verktøy for deltaking, trivsel og samhandling

Ta kontakt med Astrid 91 72 56 39, astrid.gjersdal@volda.kommune.no eller Kristine Sofie 41 51 28 13,  kristine.sofie.orheim.hansen@volda.kommune.no om du har forslag, eller om du sjølv kan tenke deg å bidra.

Forslaga må vere oss i hende innan 20.mars.