Kristine Sofie Orheim Hansen er leiar av Hornindal frivilligsentral. Saman med ressursgruppa for frivilligsentralane arrangerte ho samling i Volda frivilligforum 4. november.
Volda kommune
Frivilligsentralar er mangfaldige møteplassar bygd på premissar frå lokalsamfunnet, ivareteke av tilsette i samhandling med frivillige, lag og organisasjonar, næring og kommune (Norges Frivilligsentraler, landssamanslutninga for alle frivilligsentralane i landet).
For å ivareta målsetjingane i forskrifta frå staten (forskrift om tilskot til frivilligsentralar) vart det sett ned ei ressursgruppe for frivilligsentralane i Volda kommune i 2024. Dei fire medlemmane står no på val, og vi søker etter nye personar som ønskjer å delta i gruppa. Ressursgruppa er eit drøftingsorgan og deltakinga er på frivillig basis. Vi har to fysiske møter i året, i tillegg til jamn dialog på Messenger.
Personane vi søker etter har:
- God kjennskap til kva som rører seg i lokalsamfunnet med vekt på frivillig sektor
- Nettverk som kan medverke til ide-og kunnskapsdeling
- Motivasjon og vilje til å bidra for å gjere frivilligsentralane til gode og nyttige lokale verktøy for deltaking, trivsel og samhandling
-
Ta kontakt med Kristine Sofie på telefon 41 51 28 13 eller e-post kristine.sofie.orheim.hansen@volda.kommune.no
om du kan tenke deg å bidra.
Vi ber om tilbakemelding innan 1. desember.