Retningsliner for tilskot til skogsvegar 2025 i Ørsta og Volda
Fastsett med vising til Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket.
Krav til veganlegget:
- Før anleggsarbeidet vert sett i gang skal det føreligge ein byggjeplan godkjent av kommunen.
Vilkår:
Det kan setjast vilkår for utbetaling av tilskot til dei einskilde tiltaka, jf. § 3 i Forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Vilkåra må vere i samsvar med formålet med tiltaka.
- Vegen skal utgjere ein del av det permanente vegnettet.
- Søknaden skal gjelde nyanlegg og/eller ombygging. Det skal vere planlagt snu- og velteplassar.
- Minste tillate indre diameter på stikkrenner er 400 mm. For stikkrenner som berre har drensfunksjon kan det tillatast indre diameter ned til 150 mm.
Prioriteringsgrunnlag for tilskot:
- Ved prioritering av søknader vert det vurdert om vegen er planlagt i tråd med hovudplan eller førebels hovudplan. Skogsbilvegar vert prioriterte føre traktorvegar.
- Løysing av flaskehalsar, snuplassar og tiltak for å få tømmerbil av offentleg veg prioriterast.
- Det vert vurdert om vegen vil bidra til å ta vekk grunnlaget for å få bygd ut større samarbeidsprosjekt.
- Samarbeidstiltak vert prioriterte framfor søknader som gjeld einskildskogeigarar, der det er grunnlag for slike vegløysingar.
- Det vert vurdert om vegen vil utløyse stor aktivitet, nært føreståande, framfør på lang sikt.
- Jordskiftevegar vert prioriterte framfor andre vegar som elles vert vurderte likt.
- Skogsvegar som ikkje gir grunnlag for rekningssvarande drift på kort eller lang sikt, inkludert byggekostnadane for vegen, får normalt ikkje tilskot.
Søknad, sakshandsaming og utbetaling:
- Søknad på skjema SLF-903 skal sendast kommunen for kontroll og prioritering.
- Søknadsfrist for fyrste tildelingsrunde er 15. mars. Etter dette vert det eventuelt fortløpande vurdering av innkomne søknader, dersom det er att midlar.
- Søknaden skal innehalde ei lønnsemdsberekning som syner det økonomiske resultatet av vegbygginga.
- Skjema SLF-904 skal brukast ved utbetaling av tilskot.
- Kommunen har ansvar for kontroll av at byggjearbeidet er gjennomført i tråd med føresetnadane, godkjenning av byggjearbeidet og sluttrekneskap.
- Kommunen skal følgje opp vilkår som er sett, og i dialog med statsforvaltaren setje i verk naudsynte tiltak.
Tilskotssatsar:
- Skogsbilveg inkludert snu- og lunneplassar: inntil 50 %.
- Vegar etter hovudplan eller førebels hovudplan kan få inntil 60 % tilskot.
- Traktorveg kl. 7: inntil 40 %. Høgaste sats kan berre brukast der vegen seinare vil bli bygd om til skogsbilveg.
- Støtte til dekking av kostnader ved innleige av hjelp til vegplanlegging/byggeleiing– lik sats som tilskot til vegbygging. Ved bruk av godkjent vegplanleggjar og prosjektleiar 5 % + 3 %.
- Ved ei samstemt skogforvaltning kan det unntaksvis løyvast særskild ulempestilskot i samband med klimatilpassing/sikring etter drift. Skal avklarast med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Retningsliner for tilskot til taubanedrift, og andre driftsformer i 2025 i Ørsta og Volda
Fastsett med vising til Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket.
Driftsformer som ordninga omfattar:
- Taubane-/ slepebanedrift.
- Motormanuell felling til hogstmaskin i bratt terreng for å minske behovet for graving i hogstfelt.
- Treslagsskifte.
- Maskinvinsj.
- Andre tiltak som bidreg til å utvikle skogbruket.
Vilkår:
- Virket skal vere registrert i virkesdatabasen.
- Kommunen skal førehandsgodkjenne drifter som løyser ut driftstilskot.
- Minstealder på ulike bonitetar for tilskot til motormanuell felling, taubane og maskinvinsj i botn av dette dokumentet. Søkjar må dokumentere alder på skogen (t.d. kopi av skogbruksplandata, boreprøve eller tal årringar) i søknad om tilskot, før handsaming. Det skal takast prøver i ulike deler av omsøkt hogstfelt.
- Dokumentasjon av forventet tømmerpris, driftskostnad og avvirkningsvolum.
- Kommunen kan endre tilskotet ved vesentleg endring av føresetnadane for tilskotstilsegna til taubane. For at endring skal vere aktuelt, må endringa omsøkast av skogeigar og vere eit avvik frå omsøkt netto på over 30 kr/m3.
- All skogsdrift skal gjennomførast i tråd med Forskrift om berekraftig skogbruk.
o Vilkår om tilfredsstillande forynging ved løyving av tilskot - Det skal ikkje gjevast tilskot der areal skal omdisponerast.
- Tilskotet utbetalast for kvar m³ som er innmålt avverka virke minus vrak.
Søknad, sakshandsaming og utbetaling:
- Søknad digitalt via www.altinn.no/skogfondskonto eller på skjema SLF-916 skal nyttast og alle tilskott må avklarast med skogbruksansvarleg før i igangsetting av tiltak.
Søknadar i etterkant vert ikkje prioritert eller vert avslått. - Ved søknaden skal det leggast ved eit detaljert kart som syner driftsområdet.
- Løpande behandling av søknadar, dette fordrar betre planlegging og innmelding.
- Minste beløp for utbetaling er kr 2.000.
Tilskotssatsar:
- Taubanedrifter, tilskot reknast ut frå formelen:
Tilskot = 200 – 0,6 x (tømmerpris - driftskostnad)
Driftskostnaden vert rekna fram til bilveg. For å stimulere til drift med taubane vert det ytt eit minste tilskot på 30 kr/ m3. Tilskotet er avgrensa til maksimalt 300 kr/ m3. - Eigenaktive skogeigarar med taubane/slepebane: Inntil 250 kr/m3.
- Motormanuell felling til hogstmaskin i bratt terreng. 60 % tilskot for dokumentert kostnad. Inntil 550 kr/time.
- Ved treslagsskifte, med forhandsgodkjenning av kommunen, inntil 250 kr/m3 for hogst av lauv og inntil 150 kr/m3 for hogst av furu.
- Maskinvinsj: inntil 50 kr/m3.
- Andre tiltak som bidreg til å utvikle skogbruket: inntil 500 kr/m3.
Det vert ikkje løyvd tilskot der bestandsalder er lågare enn:
Bonitet | Lågaste hogstalder |
G23 | 65 |
G20 | 70 |
G17 | 75 |
G14 | 80 |
Alderskrav til skogen kan fråvikast av helsemessige eller andre årsakar.
Retningsliner for bruk av NMSK 2025 i Ørsta og Volda i prioritert rekkefølgje:
- Nyplanting: inntil 50 %. Inntil 5 kr/plante til eige arbeid.
- Suppleringsplanting: inntil 60 %. Inntil 6 kr/plante til eige arbeid.
- Flaterydding/ungskogpleie/ringbarking: inntil 70 %.
- Planting ved treslagskifte til gran: inntil 70 %.
- Grøfting/markarbeiding: inntil 70 %.
Søknad digitalt via https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/skogbruk/ordninger-for-skogbruk/tilskudd-til-skogkultur eller på skjema LDIR-909 skal nyttast. Tiltaka skal registrerast elektronisk av skogkulturaktørane.
Risikovurdering ved uttak av søknader for kontroll
Definisjonar
Sannsyn:
Sannsyn for feil i ulike tiltak.
Konsekvens:
Konsekvensar av feilutbetaling for søkjar (økonomisk og juridisk), rettstryggleik (ulik handsaming av like tilfelle), tap av omdømme for ordninga i samfunnet.
Risiko:
Sannsynet for feil og konsekvensen av feil i form av omdømetap, feilutbetaling, ulik handsaming.
Risikovurdering:
Risikovurderinga er sannsynet for at ein situasjon oppstår multiplisert med konsekvensen av at dette:
jf. figuren nedanfor:
Moderat | Høg | Høg | Høg |
Låg | Moderat | Høg | Høg |
Låg | Låg | Moderat | Høg |
Låg | Låg | Låg | Moderat |
Når det gjeld sannsynet for feil, skal ein vurdere kva for tiltak og tilhøve som utgjer høgast risiko.
Rutinar for handsaming av søknader før og etter kontroll
Sakshandsamar skal gå gjennom søknadene før kontrollen i felt for å sjekke slik at desse får spesiell merksemd under kontrollen i felt.
Sakshandsamar skal bruke ØKS som kjem inn frå søkjar eller vert sendt ut slik at all kommunikasjon (E-post, telefon, SMS eller andre medium) mellom søkjar og sakshandsamar i samband med gjennomgangen er dokumentert i ettertid.
Risikobasert kontroll av tilskot til skogkultur og utbetalingar frå skogfond:
Fargeindikator | Tyding | Konkrete risikoindikatorar |
Raud | Kommunen skal gjennomføre feltkontroll. | - Tiltak som har total kostnad over 50 000 kr. - Treslagskifte. |
Gul | Kommunen skal vurdere å gjennomføre feltkontroll. | - Eige arbeid. - Ungskogpleie med flater over 20 dekar. - Suppleringsplanting. - Grøfting. |
Grøn | Kommunen treng ikkje å gjennomføre feltkontroll. | - Berre stikkprøvekontroll dersom det ikkje er saker/tiltak som hamnar på gult/raudt. |
Klagehandsaming
Vedtak fatta av kommunen kan klagast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Vedtak fatta av Statsforvaltaren som førsteinstans kan klagast til Landbruksdirektoratet.
Du kan lese heile dokumentet med tekst og tabellar (PDF, 290 kB)