Sal av "Huset vårt" i Hornindal

Sal av "Huset vårt" i Hornindal

Grodås - innhaldsrik kommunal eigedom for sal. Huset har adresse Urdene 11, 6763 Hornindal

Type lokale er Hotell/Overnatting, serveringslokale/kantine, felles resepsjon og kantine.

Salsannonsa ligg på finn.no:

https://www.finn.no/realestate/businesssale/ad.html?finnkode=294696573

«Huset Vårt» er eit staseleg tømmerhus i ny-klassisistisk stil som vart reist på slutten av 1930-talet. Huset var i bruk som aldersheim frå 1939 til 1981. Det var og legekontor i bygningen. Men huset har opp gjennom åra hatt mange funksjonar i tillegg, mellom anna som samlingsstad for ulike aktivitatar, som utleigebustad og som barnehage. Då barnehagen flytta ut, vart huset ståande tomt nokre månader, og ein var inne på tanken å rive huset og bygge trygdebustadar på tomten. Det var då at fleire eldsjeler i Hornindal heilhjarta gjekk inn for at den gamle aldersheimen framleis skulle vere eit samlingspunkt. Det fylkeskommunale «Liv laga»-prosjektet skulle bli ein viktig faktor i arbeidet for å berge bygninga. «Huset Vårt» kom med i prosjektet i 1993, og deretter fekk ein økonomisk støtte til restaureringsarbeidet. I mai 1994 vart partslaget Huset Vårt BA skipa, med om lag 60 partslutar eigde av private partseigarar.

«Huset Vårt» er eit koseleg eldre hus ved sentrum i Hornindal, like ved Anders Svor-museet og Hornindalsvatnet - Europas djupaste innsjø.