Samfunnsvern og sikkerheitspsykiatri i eit kommunalt perspektiv KS Kommunesektrens organisasjon Kommunedirektør Rune Sjurgard hadde innlegg då KS presenterte den nye rapporten "I grenseland. Samfunnsvern og sikkerhetspsykiatri i et kommunalt perspektiv". Rapporten tek opp utfordringar i skjeringspunktet mellom forsvarlege bu- og tenestetilbod og omsyn til samfunnsvern. Rapporten vart presentert tyrsdag 14. februar klokka 08.30. Deltakare i frukostmøtet var: Gunn Marit Helgesen - styreleiar i KS Inger Lise Skog Hansen - Fafo Tom Markussen - Agenda Kaupang Ragnhild Bendiksen - kommunalsjef i Vennesla kommune Rune Sjurgaard - kommunedirektør i Volda Kommunar har fått eit større ansvar for å ivareta og følge opp personar med omfattande psykiske lidingar og rus. I nokon lokalsamfunn har det også skjedd alvorlege hendingar som følge av høgare valdsrisiko hos personar som gjennomfører tvungent psykisk helsevern. Etter slike hendingar handlar debatten gjerne om spesialisthelsetenesta sine behandlingstilbod, psykiatrien, og kontrollregime rundt pasientar med alvorleg psykisk liding. Det kommunale perspektivet på ivaretaking av personar der det er høgare valds- eller sikkerheitsrisiko er ofte mindre belyst. Det er noko av bakgrunnen til at KS har bedt Fafo (Fagbevegelsens senter for forskning, utredning og dokumentasjon) undersøke korleis kommunar vurderer utfordringane knytt til det å ta i vare behova til personar med alvorleg psykisk liding, eventuelt med samtidige rusproblem, og ein vurdert sikkerheitsrisiko. Her kan du lese rapporten og så opptak av innlegga (ks.no). Publisert 14.02.2023 11:04 Sist endra 28.02.2023 16:01