Sektor oppvekst legg fram Tilstandsrapport for barn og unge 2022

Sektor oppvekst legg fram Tilstandsrapport for barn og unge 2022

Bilete av to barn som klatrar i leikestativ og frå litt hjelp av ein tilsett. Dei har på seg regnklede. - Klikk for stort bilete Marius Beck Dahle for Volda kommune

Tilstandsrapporten for barn og unge 2022 er ferdig til politisk handsaming.

Sektor oppvekst rapporterer innan områda barnevern, helsestasjon, barnehage og grunnskule.

Rapporten viser at det blir gitt gode tenester til barn og unge i kommunen. Dei aller fleste trivest, meistrar og lærer.

Barneverntenesta er styrka siste året, og ein ser stor reduksjon i talet på fristbrot i undersøkingssaker.

Helseststasjonen har auka talet på heimebesøk og undersøkingar.

Foreldreundersøkinga viser at ein stor del av dei føresette opplever at deira barn har det godt i barnehagen.

Særleg på ungdomssteget presterer elevane fagleg godt. Eig høg prosentdel gjennomfører vidaregåande opplæring.

På same tid kjem det fram at det er barn og unge som ikkje kjenner seg trygge og opplever meistring. Desse får og vil få stor merksemd. Sektoren arbeider medvite og målretta for enno betre kome i møte dei barna og ungdomane som av ulike grunnar fell utanfor fellesskapen.

Rapporten vert handsama i ungdomsrådet, tenesteutval for oppvekst og kultur og kommunestyret.

 

Tilstandsrapporten 2022 (PDF, 4 MB)