Send inn programoversikt for 17. mai

Send inn programoversikt for 17. mai

Vi oppmodar 17. mai-komiteane om å sende inn sine program når dei er klare, så legg vi det ut på nettsida til Volda kommune før den store dagen.

I år kan vi endeleg feire 17. mai på ein normal måte. Volda kommune ynskjer å gjere programma for dagen tilgjengelege på nettsidene våre.

Vi oppmodar 17. mai-komiteane om å sende inn sine program på e-post når dei er klare, så legg vi det ut godt synleg på nettsida før den store dagen.

Programmet vil bli oppdatert fortløpande etterkvart som informasjonen kjem inn frå komiteane.

Send inn programmet til: info@volda.kommune.no

Siste frist for å sende oppdatert program er fredag 13. mai kl. 15.00.