Sentralbord for Volda og Ørsta

Sentralbord for Volda og Ørsta

Frå fredag 1. mars tek Ørsta kommune over sentralbordet for Volda kommune, då svarar dei på telefonane til begge kommunane.

Synnøve Baarholm er ein av dei som svarar telefonar på sentralbordet. Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune

Opningstida for sentralbordet vert klokka 09.00–15.00. 

Dette er nytt for Ørsta, som no må lære Volda sin organisasjon å kjenne, vi ber difor innringarane vere tolmodige.

Alle partar ser fram til eit godt samarbeid.

Minne om at ved å slå opp på Volda kommune si nettside kan de finne direktenummer og epostadresse til sakshandsamarane.