Sesongen for StikkUT! Vinter er avrunda og ny sesong startar 1. mai

Sesongen for StikkUT! Vinter er avrunda og ny sesong startar 1. mai

Sunniva Vågen Dimmen på Melshornet  - Klikk for stort bilete Anne Grethe Vågen Sunniva Vågen Dimmen har vore på alle turmåla i Volda kommune. Her er ho på Melshornet. Foto: Anne Grethe Vågen

Andre påskedag var siste dag med StikkUT! Vinter. Dette inkluderer både ski- og vinterfotturar. Mange har delteke også i år, men ein ekstra imponerande sesong har Sunniva Vågen Dimmen stått for! Ho har vore på alle turmåla i Volda kommune. Ho måtte dermed også utfordre seg sjølv ved å ta turen til Melshornet! Sunniva går på turski, og er ikkje like trygg i bratte nedoverbakkar, men ved å bruke kreativiteten kom ho seg trygt både opp og ned att. Det er Friluftsforeininga i Volda som løftar fram Sunniva og hennar prestasjonar på facebook. Det er godt å kjenne på meistring når ein har utfordra seg sjølv!

StikkUT! skal vere akkurat det du vil gjere det til sjølv. Du kan besøke nye turmål, besøke flest mogleg turmål eller du kan velje å besøke dei same kjende turmåla gong etter gong. Du kan også ta turen til andre kommunar og gå turar der. Det viktigaste er at du kjem deg ut, enten om det er åleine eller saman med andre! Og kanskje kan du utfordre deg sjølv litt ekstra du også, slik som Sunniva har gjort?

https://www.stikkut.no/ finn du meir informasjon. Dersom du ikkje har vore med før, må du først lage deg ein brukar. Gå inn på "Ny bruker" under "Registrer kode" (sjå bilete) og då er du i gang! Last gjerne ned appen, så kan du registrere deg når du er på turmålet. 

Sjølv om Stikkut vinter er avrunda, fortvil ikkje, 1.mai står ny StikkUt sesong for døra. Dei nye turane er valt ut etter innspel frå innbyggarane. Det kom inn over 50 innspel og det blei valt ut 18 turar ut frå gjeldande retningsliner frå Sunnmøre Friluftsråd. Dei finn du her saman med turane for resten av fylket: Nye rekorder for Stikk UT! i vintersesongen og lansering av sommerens turmål

Meir informasjon om dette kjem i veke 17.