Sesongen for StikkUT! Vinterfottur og StikkUt! Ski startar i dag

Sesongen for StikkUT! Vinterfottur og StikkUt! Ski startar i dag

Storesætra, Hornindal skisenterI dag startar sesongen for StikkUt! Vinterfottur, og StikkUt! Ski. Sesongen varer til og med 2. påskedag. Kodelappane har kome ut og det er klart for registrering. Det manglar enno nokre skilt, men det vil kome på plass etter kvart.

Volda kommune har i år 10 vinterfotturar som blei valde ut etter innspel frå innbyggarane og etter gjeldande kriterier for vinterfotturarar.

Dette er vinterfotturane i 2021:

Kalsethola, Panoramavegen i Volda, Gildrehammaren, Heltnelihuken, Gapahuken på Lid, Rotevatnet rundt, Høgåsen i Hjartå, Andaneset, Elvadalen til Årneset og Nakkebruna- dagsturhytta på Grodås.

StikkUt! Ski har desse sju turane  i år:

Hornindal skisenter- Bruasætra, Hornindal skisenter-Storesætra, Hornindal skisenter-Hornindalssætra, Lysløya- Hornindal skisenter, Rotevassdalen til Rotevassætra, Melshornet Volda/Ørsta og løysløypa- Volda skisenter.

Det er såleis eit godt utval å velje mellom både til fots og på ski, og saknar du nokre turar so hugs å spele dette inn i neste runde.  Er du nysgjerring på kva StikkUt er, kan du gå inn på www.stikkut.no og lese meir.

Er du klar til å stikke ut? Og ta gjerne med deg nokon, nytt for året er stikk ut saman, meir om dette kan du lese på nettsida til stikkut.

Ha ein riktig god stikkuttur!