Sesongvaksinering mot influensa og korona

Sesongvaksinering mot influensa og korona

I veke 43 startar sesongvaksineringa mot influensa og korona.

Influensa- og koronavaksinane kjem snart, så då er vi klare for å vaksinere risikogruppene i Volda kommune. Nytt i år er at dei som er fødd i 1960 også blir tilbode pneumokokkvaksine mot lungebetennelse. Ein kan ta alle vaksinane på same dag. 


Kvifor ta vaksine? 

Årlege vaksiner er det beste verkemiddelet for å førebygge alvorleg sjukdom og komplikasjonar frå influensa- eller koronainfeksjon. Alle kan bli alvorleg sjuke av influensa eller korona, men enkelte grupper er meir utsette for alvorleg sjukdom enn andre. I Noreg er nær 1,6 millionar barn og vaksne i ei slik risikogruppe. Helsegevinsten kan vere stor om desse vaksinerer seg. 

Influensa kan mellom anna føre til alvorleg lungebetennelse og forverring av mange kroniske sjukdommar. Ved alvorlege komplikasjonar av influensa eller korona er det nødvendig med innlegging på sjukehus. Personar med hjarte- og karsjukdom er meir utsette for hjarteinfarkt, hjerneslag og død i influensasesongen enn elles i året. Alvorleg influensasjukdom kan føre til varig svekka helse og auka hjelpebehov, og gjennomsnittleg døyr 900 personar av influensa årleg. Difor er det viktig å vaksinere seg kvart år slik at ein er beskytta. 

Personar over 65 år er også anbefalt pneumokokkvaksine. I Noreg har ein bestemt at ein no skal tilby alle som er fødd i 1960 ei rabattert vaksine. Alle andre i risikogrupper eller over 65 år kan få denne på legekontoret etter avtale der. Vaksinen beskyttar mot lungebetennelse, blodforgifting og hjernehinnebetennelse forårsaka av pneumokokkbakterien. 

Her kan du lese på Folkehelseinstituttet sine nettsider om vaksenvaksinasjonsprogrammet og vaksinane som inngår der: Vaksiner i voksenvaksinasjonsprogrammet - FHI 
 

  • Datoar for fellesvaksinering på Volda samfunnshus

    Måndag 20.10 kl. 10-16 for etternamn A-G 
    Tysdag 21.10 kl. 10-16 for etternamn H-N 
    Onsdag 22.10 kl. 10-17 for etternamn O-Å 
    Fredag 24. 10 kl. 10-14 oppsamlingsdag  

    Du kan møte utanom tildelt dag om det ikkje passar.  Om du ikkje har anledning i veke 43 kan du velje å ta vaksine i Hornindal i veke 45. 

 

  • Datoar for fellesvaksinering på Grobygget

    I Hornindal blir det satt opp to dagar i veke 45 på Grobygget. Nærare informasjon kjem snart.  

    Om du ikkje har anledning i veke 45 kan du velje å ta vaksine på Volda samfunnshus i veke 43. 


Sjukeheimsbebuarar får tilbod om vaksinering på eiga avdeling. Tilsette i oppvekstsektoren har òg moglegheit til å ta influensavaksine i år. Gravide og føresette til barn kan også ta kontakt med helsestasjonen for timeavtale. Det kjem også oppsamlingsdagar utover hausten der ein kan få timeavtale på helsestasjonen. 

Prisar

Nye prisanbefalingar frå FHI er 300 kroner for influensavaksine, 85 kroner for koronavaksine og 85 kroner for pneumokokkvaksine. Dette er rabattert pris for å ta fleire enn ei vaksine samtidig – pneumokokk og korona kostar 110 kr om ein berre tek ei vaksine. 


Kven bør ta influensavaksine og/eller koronavaksine i haust? 

For influensavaksine gjeld dette:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)
  •  Prematurt fødde barn. Særleg barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
  •  Vaksne og barn med:
  • diabetes, type 1 og 2
  • kronisk luftvegssjukdom (inkludert astma)
  • kronisk hjarte- og karsjukdom
  •  kronisk leversvikt
  • kronisk nyresvikt
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • nedsett infeksjonsforsvar
  • svært alvorleg overvekt (BMI over 40)
  • annan alvorleg eller kronisk sjukdom

I tillegg er vaksina anbefalt for

  • helsepersonell
  • personar som bur saman med nokon med nedsett immunforsvar
  • svinerøktarar
  • saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta


For koronavaksinen er det anbefalt å vaksinere seg om ein er i denne gruppa:

  • personar i aldersgruppa 75 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
  • dei over 65 år kan få vaksine om ynskjeleg
  • personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
  • ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • barn 6 månader-11 år med alvorleg grunnsjukdom etter individuell vurdering av lege
  • gravide med tilleggssjukdomar som gjer at dei er i risikogruppe, gravide utan andre risikofaktorar treng ikkje koronavaksine lengre.


Vel møtt til sesongvaksinering!