SFO frå skuleåret 2026/2027

SFO frå skuleåret 2026/2027

Frå 1. august 2026 er vedtektene for SFO endra. Dette gir nye plassalternativ og inneber at det må søkjast om plass for skuleåret 2026/2027. Søknadsfristen er 15. april.

Illustrasjonsbilete frå sektor oppvekst - Klikk for stort bilete Marius Beck Dahle


Vedtektene for dei kommunale skulefritidsordningane i Volda kommune er endra frå 01.08.2026.

Dette inneber at det vert endring i plassalternativa. Frå 01.08.2026 vert dette plassalternativa ein kan søke på:

  • 5 dagar pr. veke (inkl. morgon og ettermiddag)
  • Gratistilbod 12 t pr veke etter skuletid for 1.-3. klasse 
  • 12 t pr veke etter skuletid for 4. klasse 

 

Gratistilbodet for 1.-3. klasse og deltidstilbod for 4. klasse, vert gitt kvar dag etter skuletid. Den enkelte skule avgjer tidsrommet for gratistilbodet.

Dette inneber at det må søkast om plass på nytt for barn med plass i SFO inneverande skuleår, som skal fortsette i SFO skuleåret 2026/2027.  

Komande 1. klassingar vil kunne søke om SFO plass, så snart barnet er plassert i klasse ved skulen. 

 

Vi minner om at søknadsfristen til hovudopptaket er 15. april.