Prosjektet er delt inn i to faser.
Fase 1 omfattar sjølve samhandlingsfasen og kontrakta som er signert gjeld denne fasen. Her skal totalentreprenør saman med kommunen vidareutvikle prosjektet fram til komplett forprosjekt med kostnadskalkyle. I denne fasen skal prosjektet optimaliserast for sikre rett kvalitet og funksjon til rett pris innanfor dei rammer som kommunestyret har bestemt. Vidare skal ein avklare og redusere eller fjerne risiko i den grad det er mogleg.
Når samhandlingsfasen er gjennomført skal vi ha den endelege utforminga av prosjektet. Det er forventa at dette skal vere klart tidleg oktober 2022.
Fase 2 er gjennomføring av sjølve bygginga. Etter planen skal anlegget vere ferdig juli 2024, deretter startar ei prøvedriftsperiode på 12 månader. At framdriftsplanen er sunn skal likevel kvalitetssikrast i samhandlingsfasen for å sikre at framdrift ikkje skjer på bekostning av kvalitet, sikkerheit eller andre moment vi ikkje har oversikt over i dag.