Signert kontrakt for byggefasen

Ordførar Sølvi Dimmen sit ved møtebordet på kontoret sitt og signerer kontrakt. Har stempel i handa. - Klikk for stort bilete Volda kommune

Det er no signert kontrakt for symjehallen si byggefase, som ei vidareføring av kontrakta frå mai 2022.

Noko arbeid på byggeplass starta allereie i desember, men aktiviteten vil auke i vekene som kjem. I byrjinga er det uttrauing av byggegrop og massetransport som vil vise igjen på byggeplassen. Etter kvart vil totalentreprenøren etablere brakkerigg og kontor på området.