Sikrar fullføring av flaumprosjektet i Volda

Klikk for stort bilete

Volda kommune har fått tilsagn om tilskot til gjennomføring av sikringstiltak i Gjølelva.

Dette er med å fullfinansiere det store flaumprosjektet som Volda kommune og NVE utfører i dag.

NVE gir Volda kommune tilsegn på 50 prosent av kostnadane på sikringstiltaka i Gjølelva – Del 2. NVE sin del er avgrensa til 10 200 460 kroner eks. mva.

Volda kommune har over tid arbeidd med å førebygge elvane oppstraums frå Volda sentrum («Melhornsida») mot flaum og overfløyming, i tillegg til å førebygge mot framtidige flaumar som fylgje av endra klimatiske forhald. Multiconsult har kartlagt flaumfaren og laga flaumsonekart, samt kome med ei rekke forslag til tiltak i blant anna Gjølelva. Tiltaka og flaumfarekartet er basert på 200-års flaum pluss 40 prosent klimapåslag.

Tiltaka omfattar etablering av massefangsdam, bekkeopning, fjerning av massar, erosjonssikring, forhøgning av eksisterande flaumverk ved utvalde lokalitetar og reparere skada og øydelagde flaumverk.

Tiltaka vil sikre ein stor del av Volda sin busetnad (om lag 130 bustadar), i tillegg til viktige funksjonar som sjukehus og høgskule. Alle tryggleiksklasser for byggverk er representert i området. I tillegg kjem kommunal infrastruktur og el-/telenett.