1. Gjekk Volda kommune med underskot i 2024?
Ja, kommunen brukte 11 millionar meir enn budsjettert. Dette skuldast reduksjon i skatteinntekter og rammeoverføring frå staten. Men om vi skal sjå på det reelle avviket mellom inntekter og utgifter, så brukte kommunestyret 28 millionar av sparepengane (disposisjonsfondet) for å få endane til å møtast i handsaminga av budsjettet. For også å dekkje inn underskotet, vart disposisjonsfondet redusert med 39 millionar i fjor.
2. Vil Volda kommune gå med underskot også i 2025?
Ja, det kan det absolutt. Vi får ikkje oversikt over alle inntektene våre før i januar neste år. Det gjer at det er vanskeleg å vite det økonomiske resultatet for ei kommune før året er gått. I Volda kommune har vi god oversikt over utgiftene våre. Vi ser at vi får meirutgifter til lovfesta individuelle tenester i barnevern og i helse- og omsorg. Vi legg fram nærare prognose for årsresultat etter ferien.
3. Har Volda kommune høgare gjeld enn andre kommunar?
Høg gjeld legg beslag på den økonomiske handlefridomen. Volda kommune har 2,1 milliardar i gjeld og scorar nest høgst i fylket på skalaen for netto gjeld målt i prosent av brutto inntekter. Her vist i tabell frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sin rapport om utviklinga i kommuneøkonomien.
Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter 2024.
Illustrasjon
4. Kor mykje har kommunen att på sparekontoen (disposisjonsfond)?
I budsjettet for 2025 er utgiftene 25 millionar høgare enn inntektene. Dette dekte kommunestyret opp med bruk frå sparekontoen (disposisjonsfondet). Det står no att 76,5 millionar. I januar i fjor stod det 144 millionar på disposisjonsfondet, så det har gått raskt nedover. Gitt eit misforhold mellom utgifter på minst 30 millionar i året, vil disposisjonsfondet da vere tomt i løpet av to til tre år.
5. Har Volda betre økonomi enn Ørsta kommune?
Det krev ei nærare analyse for å svare utfyllande på dette. Volda og Ørsta er to nokså like kommunar. Begge er minsteinntektskommunar med skatteinntekter under gjennomsnittet og må få tilført pengar gjennom inntektsutjamninga i inntektssystemet. I begge kommunane er utgiftene høgare enn inntektene.
Netto driftsresultat i prosent av brutto inntekter er eit forholdstal som seier noko om ei kommune sitt økonomiske handlingsrom. Anbefalt nivå på dette forholdstalet er 1,75 %. I 2024 var dette forholdstalet negativt med – 7,4 % i Ørsta og – 2,5 % i Volda.
Ørsta har brukt opp disposisjonsfondet. Volda har framleis att pengar på bok, men vil nok tømme fondet etter to til tre år. Ørsta har potensial for å hente meir inntekter av eigedomsskatt ved å gå frå 3 til 4 promille. Volda allereie har høgste skattesats på 4 promille.
Volda har om lag 400 millionar høgare lånegjeld enn Ørsta og betaler meir i renter og avdrag. Kor vidt det er reelt å utløyse «arvesølvet» for å skaffe meir kommunalt økonomisk handlingsrom, så er det likevel fakta at Ørsta er eigar av omsettelege aksjar (A-aksjar) i Tussa Kraft AS til høg verdi, medan Volda kommune selde for ein del år sidan alle A-aksjane og sit att med berre B-aksjar som ikkje er fritt omsettelege.
Det er vanskeleg å gi eit kort svar på kven som har best økonomi, men det kan konstaterast at begge kommunane har negativt økonomisk handlingsrom. Dette betyr at begge kommunane må kutte i drifta og gjennomføre større omstilling for å skaffe seg økonomisk berekraft.
6. Kan Volda kommune kome i ROBEK?
Det får vi teste ut når budsjett og økonomiplan for perioden 2026 – 2029 skal handsamast i haust. Kommunestyret har allereie vedteke eit omstillingsprogram der vi skal ned med 40 millionar i drifta. Endringar i rammevilkåra viser at omstillingsprogrammet nok må hente inn meir for komande periode. Statsforvaltaren krev at kommunestyret viser konkret kvar desse pengane skal hentast. Utfordringa vert særleg tydeleg det året disposisjonsfondet er tomt. Vert eitt av åra i fireårsperioden ståande utan balanse mellom inntekter og utgifter, vert vi ført inn i ROBEK-registeret og underlagt statleg kontroll allereie neste år.
7. Kva må innbyggjarane innstille seg på i budsjett og økonomiplan for 2026 – 2029?
Det er viktig at innbyggjarane i forkant av budsjettprosessen til hausten er opplyste om at det vil kome forslag om tiltak som vil råke dei på ei eller annan måte. Innbyggjarane skal uansett få dei tenestene til den standarden dei har rett på. Men kommunen kan avgjere at dei skal ytast på andre måtar, redusere tenestenivået samle tenester til ein felles lokasjon.
Reduksjon i drift handlar i praksis om at tenestene må leverast til lågare kostnad. Bruk av teknologi og endring i organisering av arbeidsprosessar er ein del av dette. Slike endringar vil ikkje innbyggjarane merke så mykje til. Medan sortering av oppgåver kommunen ikkje er plikta til å drive med, vurdering av standard på tenestene utover forsvarleg nivå og tenestestruktur, er forhold som innbyggjarane vil vere opptekne av. Kommunen må både balansere i det kortsiktige, og samtidig ha det langsiktige blikket på kva tiltak som er nødvendige for utviklinga av lokalsamfunnet dei komande tiåra.
Den demografiske og sosioøkonomiske utviklinga utløyser behov for endring. Vi får fleire eldre, men også fleire yngre brukarar med store rettigheitsbaserte tenestebehov. Vi har ikkje nok hender i tida framover til å yte tenestene slik dei er organisert i dag.
Administrasjonen si oppgåve er å leggje fram analyser, kome med forslag og fasilitere prosessane. Det er politikarane som trekkjer opp retninga. Som skal ta ansvar for prioriteringane og konsekvensane for å ha berekraftig økonomi over tid.
Vi vil utover hausten gå ut med informasjon om budsjettprosessen, slik at innbyggjarane kan setje seg inn i fakta og kjenne prosessane for å kunne engasjere seg.
Her kan du sjå ein kort video der kommunedirektør Rune Sjurgard fortel om Volda kommune sin økonomiske situasjon.
https://youtube.com/shorts/C7w2LfgfyWw?si=087YGqdWfCaUJJht