Kva skal skje i Sjukehusvegen?
I Sjukehusvegen skal vi skifte vatn- og avløpsleidningane på same måte som vi gjer i Heltnevegen. Samtidig vert det jobba med reguleringsplan for Aasenkvartalet som mellom anna vil omhandle fortau langs Sjukehusvegen.
Vert Sjukehusvegen stengt når arbeidet skal starte der?
Dette veit vi ikkje enda. Det kjem an på om det skal etablerast fortau, og kor stor ekstrakostnad det blir å halde den open. Det vil også vere utfordrande å få ei fornuftig trafikkavvikling med lyskryss då det fort kan bygge seg opp kø inn mot rundkøyringa. Så dette må vi sjå nærare på når vi veit endeleg omfang av arbeidet.
Om ein endar med ei løysing utan fortau ser vi føre oss ein byggetid på ca. 3 månader.
Kvifor opnast ikkje Uravegen?
Tidlegare erfaringar har synt at opning av Uravegen fører til at bebuarar i Bratteberg vel å køyre inn mot Heltnevegen og at dette medfører meir trafikk ned mot sjukehuset, og ikkje mindre slik mange tenker. Det er særs få som vil velje å køyre via Bratteberg når både Røyslidvegen og Kløvertunvegen er opna for gjennomkøyring.
Vegen er heller ikkje tilstrekkeleg trafikksikker med tanke på alle skuleelevane som går til og frå Bratteberg skule.
Er alt arbeid kring sjukehuset ferdig når disse to prosjekta er ferdig?
Nei, det er nok ikkje det. Heltnevegen har eit strekk att der vi skal skifte vatn- og avløpsrør. Dette er ovanfor krysset Røyslidvegen/Heltnevegen.
I Dr. Halkjelsvikvegen og Kløvertunvegen skal det også skiftast vatn- og avløpsleidningar dei neste åra, men vi må, som i Heltnevegen og Sjukehusvegen, ta dette etappevis for å ikkje sperre all tilkomst til sjukehuset.
Kårstadvegen står også på prioriteringslista til vatn og avløp då vi har gamalt leidningsnett og mykje innlekkasje av regnvatn på avløpsnettet i dette området.
Alt dette vil bli varsla i god tid etter kvart som investeringsplanane blir klare og budsjetta for åra framover blir vedtekne i kommunestyret.