Sjurgard deltok i programmet under kommunekonferansen til KLP

Sjurgard deltok i programmet under kommunekonferansen til KLP

Kommunedirektør Rune Sjurgard var med i programmet under kommunekonferansen til KLP, som i år handla om samhald og robustheit. 

Kommunedirektør Rune Sjurgard i sofaprat saman med Cathrine Hellandsvik, konserndirektør i KLP, og David Aarvik Nese, analytikar i Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). - Klikk for stort bileteKommunedirektør Rune Sjurgard i sofaprat saman med Cathrine Hellandsvik, konserndirektør i KLP, og David Aarvik Nese, analytikar i Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Sølvi Dimmen

Her diskuterte han saman med andre fagpersonar korleis kommunane kan møte krevjande omstillingar – og kor viktig open informasjon og medverknad frå innbyggjarane er.

Kommunekonferansen er KLP sin årlege møtestad for kommunar og fylkeskommunar. Her blir aktuelle utfordringar og moglegheiter i kommunesektoren løfta fram, mellom anna innan økonomi, demokrati, berekraft og samfunnsutvikling.

I år var temaet samhald og robustheit i kommunane.

Under konferansen deltok Sjurgard i ein sofaprat saman med Cathrine Hellandsvik, konserndirektør i KLP, og David Aarvik Nese, analytikar i Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ).

 

Eit stort forventningsgap

I samtalen peika Sjurgard på at ein av dei største utfordringane kommunane står overfor i dag, er gapet mellom kva innbyggjarane forventar og kva kommunane faktisk har kapasitet til å levere.

 – Den største utfordringa slik eg opplever det som kommunedirektør, er forventningsgapet mellom innbyggjarane si oppfatning av situasjonen og kommunen si evne til å levere tenester, sa Sjurgard.

Han peika på at utviklinga dei siste tiåra har vore prega av ei sterk utbygging av velferdsordningar og fleire individuelle rettar. Samtidig har mange politiske løfte blitt knytte til tenester som i praksis blir leverte av kommunane.

 – Det er i kommunen innbyggjarane bur, og det er vi som må levere tenestene. Samtidig opplever vi no større press på tenestene, både økonomisk og når det gjeld tilgang på arbeidskraft, sa han.

Store utfordringar i helse- og omsorg

Særleg innan helse- og omsorgstenestene vil kommunane møte store utfordringar framover.

– Det blir krevjande å skaffe nok folk til å levere tenestene framover. Demografiutviklinga gjer at behovet aukar, samtidig som tilgangen på arbeidskraft blir mindre, sa Sjurgard.

Han meiner kommunane står overfor ein omfattande omstillingsprosess.

– Vi står eigentleg berre i starten på ei formidabel omstilling. Måten vi organiserer og leverer tenester på i dag, vil ikkje vere tilstrekkeleg framover, sa han.

 

Sterkt lokalt engasjement

Når kommunar må ta vanskelege avgjerder om struktur og prioriteringar, kan det skape sterke reaksjonar i lokalsamfunnet.

Sjurgard viste til erfaringar frå Volda, der ein krevjande budsjettprosess mobiliserte mange innbyggjarar.

– Når endringar blir foreslått, mobiliserer ofte dei som blir direkte ramma. Det kan vere foreldregrupper, lokalsamfunn rundt ein skule eller andre interessefellesskap, sa han.

I Volda førte diskusjonar om endringar mellom anna til fakkeltog og folkemøte.

– Vi var opne om at dette kunne bli foreslått, og informerte tidleg. Då får folk høve til å setje seg inn i saka og delta i debatten, sa Sjurgard.

 

Viktig å forklare heilskapen

Ein av dei største utfordringane er å få fram heilskapen i dei prioriteringane kommunane må gjere.

– Ofte blir det enkeltsaker som får mest merksemd. Men kommunane må også sjå heilskapen – både utvikle næringsliv og skape vekst, samtidig som vi må prioritere stramt på andre område, sa han.

Han peika på at dette kan opplevast som motstridande for innbyggjarane.

– Vi kan til dømes jobbe for å legge til rette for nye næringsprosjekt samtidig som vi må kutte i andre delar av budsjettet. Då kan det vere vanskeleg å forstå samanhengen dersom ein berre ser ei sak isolert, sa Sjurgard.

 

Tillit gjennom informasjon og medverknad

Analytikar David Aarvik Nese frå DFØ peika på at medverknad og god informasjon heng tett saman med tillit til kommunen.

Når innbyggjarane opplever at dei får innsikt i grunnlaget for avgjerder og moglegheit til å kome med innspel, aukar tilliten til prosessane.

Samtidig er det viktig å vere tydeleg på kva slags påverknad innbyggjarane faktisk kan ha.

– Den viktigaste måten å påverke på er gjennom val. I tillegg kan innbyggjarane gi høyringsinnspel eller ta kontakt med politikarar, men til slutt må dei folkevalde ta prioriteringane, vart det understreka i samtalen.

 Samarbeid med media er viktig

Sjurgard peika også på at kommunane bør samarbeide godt med lokalmedia for å nå ut med informasjon til innbyggjarane.

– Media er avhengige av informasjon, og dersom vi som kommune er opne og aktive i kommunikasjonen vår, kan vi bidra til at sakene blir betre opplyste, sa han.

– Dersom vi legg til rette med god informasjon og er opne om sakene, kan både media og innbyggjarane få eit betre grunnlag for å forstå kva kommunen arbeider med, sa Sjurgard.

Nye måtar å nå ut på

For å nå ut til fleire innbyggjarar har Volda kommune jobba aktivt med nye måtar å kommunisere på.

Kommunen har mellom anna eksperimentert med korte informasjonsvideoar og meir aktiv bruk av eigne kanalar.

– Kommunane har ei plikt til å gi aktiv informasjon til innbyggjarane. Det står faktisk i formålsparagrafen i kommunelova, sa Sjurgard.

Målet er å gjere informasjonen meir tilgjengeleg og forståeleg, slik at fleire kan setje seg inn i sakene.

– Dersom folk får kunnskap om bakgrunnen for endringar og ser samanhengane, er det også lettare å akseptere at prioriteringar må gjerast, sa han.

Kommunikasjon er ein del av leiarrolla

Etter 25 år som kommunedirektør meiner Sjurgard at kommunikasjon er blitt ein stadig viktigare del av leiarjobben i kommunesektoren.

– Kommunikasjon må vere ein naturleg del av leiarrolla. Vi må forklare samanhengar, gi kunnskap og vere opne om dei utfordringane vi står i, sa han.

Han meiner openheit og dialog er avgjerande for å bygge tillit i ei tid der kommunane må gjennom store endringar.

– Det handlar til slutt om å utvikle sterke fellesskap og finne løysingar som gjer lokalsamfunna robuste også i framtida, sa Sjurgard.

 

 Høyr heile sofapraten her (Sjurgard ser du 17 minutt ut i sendinga):

 https://www.klp.no/kurs-og-konferanser/kommunekonferansen/2026