Skal du selje eigedom eller prosjektere drømmebustaden?

Skal du selje eigedom eller prosjektere drømmebustaden?

Illustrasjon med symbol frå e-torg - Klikk for stort bilete

Når kommunane på Søre Sunnmøre no lanserer e-Torg vert det lettare for deg å bestille dokumenta du har behov for, akkurat når det passar deg.

Du kan bestille produkt 24 timar i døgnet. E-Torg er ein nettbutikk for geografiske data og byggesakstenester.

Lanseringa skjer onsdag 16. september.

Dette er kommunane sin nettbutikk for sal av kart, eigedomsdata og byggesakstenester. Her finn du digitale kart, meglerpakke, 3D-modellar, nabovarsling både på papir og elektronisk, eigedomsinformasjon og mykje meir. 
Dette sjølvbetjente tilbodet gjer at innbyggarar og næringsliv kan bestille produkt heile døgnet og det er rask levering.

Du får bestilt produkt frå alle sju kommunane på Søre Sunnmøre i same portal.
Kommunane har også på gang MinEigedom og E-byggsøk med fleire sjølvbetjente løysingar.

Merk at e-Torg ikkje fungerar med Internet Explorer.

Her finn du e-Torg.

Her kan du bestille nabovarsel (eNabovarsel).

Her kan du sjå ein kort video om e-Torg: