Skal Volda og Ørsta slå seg saman?
Samarbeid og samanslåing – Høyr ordførarane, Sølvi Dimmen og Per-Are Sørheim, forklare kva som skal skje.
Volda og Ørsta kommunar har starta ein prosess for å sjå på meir samarbeid – og for å greie ut ei mogleg samanslåing.
I denne videoen fortel ordførarane om kva som skal skje vidare, korleis prosessen blir, og korleis innbyggjarane skal bli involverte.
Her signerer ordførar i Volda, Sølvi Dimmen, og ordførar i Ørsta, Per-Are Sørheim, søknad om statleg finansiering av utgreiing.
Volda kommune
Volda og Ørsta har sendt inn søknad om statleg finansiering av utgreiing av kommunesamanslåing. Den vart signert av begge ordførarane og sendt til statsforvaltar i går. Denne saka vert lagt fram for kommunestyra til orientering neste veke.
Publisert 13.03.2026 12:35
Sist endra 13.03.2026 15:49