Volda kommune / Bente Engeseth
Her får publikum oppleve robotkampar, innovative prosjekt og engasjerte elevar som viser fram resultatet av fleire veker med målretta arbeid.
I forkant av turneringa har elevane arbeidd med å byggje og programmere robotar, utforske aktuelle problemstillingar og utvikle eigne løysingar. Gjennom samarbeid, kreativitet og uthald har dei testa idear, gjort justeringar og funne nye vegar fram mot målet.
FIRST LEGO League handlar om meir enn teknologi. Her er det plass til ulike talent og interesser. Nokre elevar trivst best med programmering og robotbygging, medan andre bidreg med forsking, design, presentasjon eller lagarbeid. Alle har ei viktig rolle, og saman lærer dei verdien av samarbeid og felles innsats.
Målet med satsinga er å vekkje interesse for realfag, skape meistring og gi barn og unge tru på eigne idear. Erfaringane dei får med problemløysing, kreativ tenking og samarbeid er verdifulle ferdigheiter for framtida.
Arrangementet er mogleg takka vere støtte frå Sparebanken Møre gjennom TEFT-satsinga. Saman med skular, kommunar og frivillige bidreg vi til å skape læringsglede og fellesskap i regionen.
Ta med familie og vener, og kom og hei fram laga! Publikum og media er hjarteleg velkomne til Volda Campus Arena laurdag 7. november.