Meteorologisk institutt varslar om skogbrannfare for Møre og Romsdal på ORANSJE nivå.
Les om varselet her: Varsel fra Meteorologisk Institutt for Møre og Romsdal | Varsom.no
varsom.no / Geodata AS, Kartverket
Statsforvaltaren ber kommunane om å følgje situasjonen og iverksette naudsynte tiltak ut frå lokalkunnskap og planverk.
Råd til deg som ferdast ute
- Ikkje bruk open eld i naturen – dette gjeld bål, eingongsgrillar, bålpanner, o.l.
- Følg instruksjonar og retningslinjer frå brannvernet.
- Vis ekstra varsemd i område med tørt gras, lyng og skog.
Beskriving av situasjonen
Store delar av landet har no tørre forhold, og det skal mykje regn til før situasjonen endrar seg. Farevarselet gjeld til det kjem nedbør av betydning.
Dette kan du gjere
- Unngå aktivitetar som kan starte brann.
- Hald deg oppdatert på nettsidene varsom.no og yr.no.
- Varsle brannvesenet på 110 dersom du ser røyk eller flammar.
Del gjerne denne informasjonen vidare, slik at fleire kan ta ansvar og vere med på å hindre brann i naturen.