Skogprosjektet Volda Ørsta 2018-2024

Skogprosjektet Volda Ørsta 2018-2024

Rapport om skogprosjektet Volda Ørsta

Etter stormen «Dagmar» i romjula 2011 auka den årlege hogsten i Ørsta og Volda kraftig grunna mykje vindfall. Skogeigar har foryngelsesplikt (planteplikt) etter hogst. Å få opp ny skog byr på fleire utfordringar som konkurrerande vegetasjon, snutebiller og hjort. Dette danna grunnlaget for skogprosjektet i Ørsta og Volda som vart starta opp i 2018 og avslutta i 2024. Hensikta med prosjektet var å sjå på plantefelta og vurdere ev. tiltak på hogstflatene. I tillegg vart det tatt inn eit prøvefelt på Barstad kor ein ringbarka eksisterande lauvtre å planta til arealet med gran. Prosjektet vart finansiert av Ørsta og Volda kommune, prosjektmidlar frå fylkeskommunen i Møre og Romsdal og NMSK-midlar (nærings- og miljøtiltak i skog). Prosjektleiar var Håkon Eliassen. 

Resultatet frå prosjektet var blant anna det var mykje bra plantearbeid, men med eit stort behov for oppfølging av plantearbeidarane. For å lykkast med plantinga konkluderte prosjektleiar med at ein måtte kombinere to tiltak som for eksempel store planter, ventetid og behandla planter.

Sluttrapporten frå prosjektet. (PDF, 365 kB)