Slik blir du betre førebudd på krise

Slik blir du betre førebudd på krise

Tema for årets utgåve av Eigenberedskapsveka er ØVING. Vi oppfordrar alle innbyggjarar til å øve og ta nødvendige grep for å styrkje eigenberedskapen.

Den landsomfattande Eigenberedskapsveka 2023 blir gjennomført frå måndag 30. oktober til søndag 5. november. På sikkerhverdag.no ligg fire enkle øvingar som alle kan gjennomføre på mobilen. I tillegg blir det her gitt mange gode tips til korleis ein kan få dekt grunnleggjande behov i ein krisesituasjon.

Dette gjer vi under Eigenberedskapsveka 2023 

Sivilforsvaret, Volda kommune og Saniteten si omsorgsgruppe vil markere årets eigenberedskapsveke med å arrangere fleire standar i kommunen:

  • Spinneriet tysdag 31. oktober kl. 10.00-17.00 
  • Voldaportalen tysdag 31. oktober frå kl. 11.00
  • Spar mat i Hornindal tysdag 31. oktober frå kl. 12.00
  • Furene laurdag 4. november frå kl. 11.00
     

Du er ein del av beredskapen i Noreg 

Ved store hendingar og kriser som rammar mange, kan ikkje alle få hjelp med ein gong. Då må styresmaktene prioritere hjelp til dei som treng det mest.

Det vil seie at mange innbyggjarar må vere førebudde på å måtte klare seg sjølve i nokre dagar ved straumbrot, viss dei mistar tilgangen på reint drikkevatn, telefonnettet/Internett er nede – eller det blir vanskeleg å kome seg ut for å handle.

– Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg, poengterer Håvik. 
 

Heile Noreg øver

Øving gjer meister. Det gjeld også for krisehandtering.

– Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de skal handtere det. Øving skaper medvit og gir kunnskap og trening. Det gjer at vi står betre rusta til å kome oss gjennom små og store kriser, seier Sonja Håvik beredskapsrådgjevar i Volda kommune og oppmodar deg om å sjekke eigenberedskapen din.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i landet å styrkje eigenberedskapen sin. Eigenberedskapsveka blir arrangert av DSB i samarbeid med kommunar, statsforvaltarar og sivilforsvarsdistrikt over heile landet.

Ting ein bør ha i heimen som eigenberedskap. Ved, vatn, hemetikk, m.m. - Klikk for stort bilete sikkerhverdag.no

Døme på beredskapslager: 

  • 9 liter vatn per person (Les òg: Slik lagrar du vatn
  • to pakkar knekkebrød per person 
  • ein pakke havregryn per person 
  • tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person 
  • tre boksar med pålegg med lang haldbarheit per person 
  • nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade 
  • medisinar du er avhengig av 
  • ved-, gass- eller parafinomn til oppvarming 
  • grill eller kokeapparat som går på gass 
  • stearinlys, lommelykt med batteri eller parafinlampe 
  • fyrstikker eller lighter
  • varme klede, pledd og sovepose 
  • førstehjelpspakke 
  • batteridreven DAB-radio 
  • batteri, ladbar batteripank og mobilladar til bilen 
  • våtserviettar og desinfeksjonsmiddel 
  • tørke-/toalettpapir 
  • sanitetsprodukt 
  • litt kontantar 
  • ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/rødsprit til oppvarming og matlaging 
  • jodtabletter ved atomhendingar dersom du er under 40 år, gravid, ammande eller har barn som bur heime (Les meir på dsa.no)

Du kan lese meir om eigenberedskap på https://www.sikkerhverdag.no/

Kontakt

Sonja Håvik
rådgjevar
E-post
Telefon 70 05 88 82
Mobil 92 88 93 26