“Snakk om det- det kan redde liv” 

“Snakk om det- det kan redde liv” 

Bilete av sti med utsikt over fjell og fjord i solnedgang - Klikk for stort bilete Volda kommune 10. September er Verdensdagen for sjølvsmordsførebygging.

I Norge tek om lag 650 menneske livet sitt kvart år. Tala for sjølvmord er aukande for begge kjønn. Sjølvmordstalet blant unge menn i alderen 15-44 er 3 gongar so høgt som for kvinner i same alder.  Bak desse tala ligg det mykje liding; både hjå menneska som slit med sjølvmordstankar, for pårørande til menneska som har sjølvmordsatferd, og for dei som sit igjen når nokon tek livet sitt.  

Kan vi førebygge sjølvmord? 

Mange kan ha tankar om sjølvmord i løpet av livet, og ein kan ha slike tankar utan å vere psykisk sjuk. Samtidig er det slik at om tankane blir for tunge so treng vi hjelp. Å snakke om sjølvmordstankar kan samanliknast med å skru på lyset i eit mørkt rom. Det vi trur skjuler seg i mørket, blir mindre farleg eller forsvinn når lyset kjem på. Det er hjelp å få, og det første steget er å tore å seie det vanskeleg ordet sjølvmord. Det er til dømes ikkje slik at det blir fleire sjølvmord dersom vi snakkar om sjølvmordstankar. Det er heller ikkje farleg å spørje, men vi må vere budde på å tole å høyre svaret.  

Råd til deg med sjølvmordstankar 

I løpet av livet vil dei aller fleste av oss oppleve at ein ikkje strekk til. Dette er spesielt vanleg i forbindelse med ulike belastningar og påkjenningar som til dømes samlivsbrot, konflikt, sjukdom eller utfordringar heime, på skulen eller i arbeidslivet. Då er det ikkje unormalt å føle skuld eller få tankar om døden og at livet ikkje er verdt å leve. Dette er ikkje eit teikn på svakheit, men eit teikn på at livet ikkje er slik det bør vere, og at at det trengs ei endring for å få det betre. 

Snakk om tankane dine og vær open og ærleg om korleis du har det, då er det enklare for andre å forstå og hjelpe deg. Det å snakke om tankane dine kan hjelpe deg med å finne løysingar og få trøyst å støtte. Snakk gjerne med nokon du stoler på. Dette kan til dømes vere nokon i familien, ein nær ven, fastlegen din eller nokon på helsestasjonen. Det finst også hjelpetelefonar, nettbasert hjelp og digitale sjølvhjelpsverktøy. 

Råd til deg som er bekymra for nokon 

Er du bekymra for nokon er første steg å ha mot nok til å seie frå om bekymringane dine på ein konkret og tydeleg måte. Det kan vere skummelt og ubehageleg, men ikkje farleg. Spør direkte utan å klandre eller dømme - ditt spørsmål kan redde liv. Vis at du bryr deg, og ikkje vere redd for å seie noko feil. Prøve å lytte meir enn du snakkar.  

Dersom nokon fortel deg om sjølvmordstankar, skal du ta det alvorleg. Det viktigaste er at du lyttar, forstår og medverkar til å finne rett hjelp.  

Hjelpetelefonar og anna hjelp 

 

Fastlegen har informasjon om ulike lågterskeltilbod der du bur og kan sende tilvising til psykolog eller anna behandling i kommunen eller i spesialisthelsetenesta.
 

Informasjonsplakat der det står: Vis at du ser, vis at du lytter og vis at du bryr deg. - Klikk for stort bilete leve.no/verdensdagen/