Søk om midlar til oppgradering av leike- og aktivitetsområde

Søk om midlar til oppgradering av leike- og aktivitetsområde

NB! Frist for å søke er 1. mars 2024. Tilskot til oppgradering av leike- og aktivitetsområde. 

Leikeplass i Volda med flott utsikt mot Rotsethornet - Klikk for stort bilete Volda kommune

Volda kommune deler årleg ut midlar til oppgradering av leike- og aktivitetsområde. Frist for å søke er 1. mars.

Kven kan søke?

Grendalag/utval, andre foreiningar og lag kan søkje. Søkjar må vere registrert i Brønnøysundregisteret.

Kva blir det gitt tilskot til ? 

Midlane skal brukast til opprustingstiltak eller igangsetting av nye tiltak. Det kan søkjast om innkjøp og vedlikehald av leikeapparat i buområde. Det kan også søkast tilskot til investeringar og til tiltak som f.eks. sikkerheitsgjerder, bord og benkar, belysning o.a. Tiltaket det blir søkt om må vere ope for alle, og søkjar tek på seg ansvar for å sikre vedlikehald av utsyr og område. Ved signering av tildelingsbrevet blir dette ansvaret automatisk akseptert.

Kva blir det ikkje gitt tilskot til ?

  • a) ordinær drift/vedlikehald, som for eksempel sandskift, måling av gjerder og liknande
  • b) lokalar og arrangement
  • c) prosjekt utan eigeninnsats og eigenkapital frå andre eksterne tilskotsordningar
  • d) saker under politisk behandling

 

Korleis søke ?

De skal nytte dette søknadsskjemaet.

Søknadsskjema for å søke om tilskot til leike- og aktivitetsområde

Meir informasjon finn du i retningslinene for tilskot til leike- og aktivitetsområde

Det er utarbeidd ein rettleiar som inneheld krav og retningsliner for leike- og aktivitetsområde i kommunen. Rettleiaren legg vekt på korleis ein kan etablere leike- og aktivitetsområde med kvalitet, og inneheld også tips til kvar grendalag eller andre kan søkje om tilskot til opparbeiding av leikeplassar. 

Rettleiaren kan lastast ned her: Rettleiar for leike og aktivitetsområde (PDF-fil) (PDF, 267 kB)