12. mars signerte ordførarane i Volda og Ørsta søknaden om statleg finansiering av utgreiing. No har Statsforvaltaren sendt den vidare med positiv innstilling til Kommunal- og distriktsdepartementet.
Volda kommune
Søknaden som er fremja av ordførarane, byggjer på vedtak i begge kommunestyra om å greie ut ei mogleg framtidig samanslåing. Målet er å få på plass eit faktabasert kunnskapsgrunnlag som kan danne grunnlag for vidare prosess, inkludert ein eventuell intensjonsavtale og innbyggarhøyring.
Ørsta og Volda blir peika på som ein tett integrert bu- og arbeidsmarknadsregion med omfattande samarbeid og felles samfunnsfunksjonar. Samstundes står begge kommunane overfor økonomiske utfordringar, noko som gjer behovet for utgreiing særleg aktuelt.
Statsforvaltaren har sendt søknaden vidare med tilråding, og legg til grunn at staten vil dekke kostnadene ved utgreiinga. Statsforvaltaren følgjer prosessen tett og vil finansiere ein prosjektleiar.
Les heile brevet frå Statsforvaltaren her (PDF, 82 kB)
Her finn du søknaden med vedlegg