Sommaravtale på legevakta

Sommaravtale på legevakta

15. juni hadde Mørenytt eit oppslag om at tilsette på legevakta får “superløn”. Å rekruttere ferievikarar på legevakta er svært krevjande. Derfor har Volda kommune dei siste åra inngått avtale med Norsk Sykepleierforbund sentralt om særskilt avlønning av fast tilsett som arbeidar utover si ordinære stilling.

Bilete av bygget som Søre Sunnmøre legevakt helt til i.  - Klikk for stort bilete Volda kommune

Sommaravtalen mellom NSF og Volda kommune har vore nytta i fleire år for å stimulere faste sjukepleiarar til å jobbe ekstra i sommarferieperioden. Denne avtalen gjeld arbeid utover ordinære vakter. Bakgrunnen for at Volda kommune har inngått avtalen med NSF for tilsette ved legevakta er trongen for å ha kvalifisert personell på legevaktsentralen til ei kvar tid. 

Kvalifikasjonskrava for å arbeide ved legevaktsentralen er fastsett i akuttmedisinforskrifta og utdjupa i nasjonal rettleiar for legevakt og legevaktsentral. Utover autorisasjon som sjukepleiar (evt paramedisinar) må ein ha gjennomført akuttmedisinkurs, vold- og overgrepskurs, samt tilleggsopplæring som operatør i medisinsk nødmeldetjeneste (rettleiande nasjonal opplæringsplan: Grunnkurs - KoKom). Operatørane ved legevaktsentralen har ei omfattande intern opplæringsperiode for å få den naudsynte kompetansen for å arbeide sjølvstendig. I tillegg til dei formelle kursa, reknar vi 6-12 veker med rettleia praksis før ein ny operatør er klar, avhengig av tidlegare erfaring.

Å rekruttere ferievikarar er utfordrande, då vi må ha vikarar med autorisasjon, formell kompetanse og erfaring. Dei som har den relevante kompetansen og erfaringa er attraktive, og i liten grad tilgjengelege for ferievikariat. Vi har hatt enkelte sjukepleiar- og paramedisinarstudentar som har arbeidd nokre kvelder og helger ved legevakta gjennom siste skuleåret, og slik vore ferdig opplærde til ferien. Dette har vi hatt god erfaring med, men det er sterkt begrensa kor mange slike stillinger vi kan ha. Tidlegare har vi kontakta fleire vikarbyrå, utan at nokon kunne tilby personell med naudsynt kompetanse. Vi har nokre vikarar som vi har lært opp over tid og som tek ein del vakter, men dette dekker ikkje heile behovet i ferien.

Sommaravtalen gjer det meir attraktivt for fast personell å ta på seg ekstra arbeid i ferietida, og er ein viktig faktor for å sikre forsvarleg drift av legevaktsentralen. Ei viktig presisering er at godtgjeringa etter denne avtalen kjem i staden for, ikkje i tillegg til, anna løn og tillegg.