Sommarprogram 2026 - Kulturavdelinga Volda kommune.jpgDenne sommaren inviterer kulturavdelinga i Volda kommune til eit breitt og variert sommarprogram gjennom heile ferien. Alle aktivitetane er gratis lågterskeltilbod for barn, unge og familiar i Volda.
Programmet er mangfaldig, med alt frå friluftsliv, sandvolleyball og fotballleik til gaming og lesekampanje. Målet er å tilby noko for alle elevar i skulealder. Aktivitetane vert gjennomførte i samarbeid med lokale lag og organisasjonar.
Er du glad i dyr, kan du bli med på familietur til Hakallegarden eller prøve riding på Soltun gard. Likar du deg best i vatn, kan du delta på familiedag i Voldabadet eller vere med på den populære vassaktivitetsdagen i Hornindal.
I samarbeid med Sunnmøre friluftsråd inviterer vi til tre aktivitetsdagar ved Rjånes badestrand. Her blir det sommaraktivitetar som bading, fisking, SUP-padling, grilling og ulike leikar.
Det vert også familiecamp på Kjeldsund, der familiar kan lære å padle kajakk saman. Opplegget inkluderer overnatting, mat, introduksjonskurs og padleturar mellom øyar og skjer.
Sommarprogrammet byr òg på fleire gratis kinoframsyningar, mellom anna Toy Story 5 og Den stolne prinsessa (med ukrainsk tekst). Til Kulturdagane i Hornindal 1. august vert det sett opp buss tur-retur Volda, der ein mellom anna kan oppleve Paw Patrol-show.
Det vert felles, sosiale Stikk UT!-turar der alle kan delta, og aktivitetsdagar for familiar på Haualeite, Volda bygdetun og Årneset.
I tillegg vert det arrangert fleire turar for barn og ungdom til Hydlaparken klatrepark i Stryn.
Sjå meir informasjon om sommarprogrammet på kommunen sine nettsider: Sommarprogrammet 2026 - Volda kommune
Nokre av aktivitetane krev påmelding.
Kulturavdelinga er svært takksam for støtta frå Gjensidigestiftelsen og Bufdir. Utan denne støtta hadde det ikkje vore mogleg å tilby desse aktivitetane.
Sommarjobb for ungdom
Sommarprogrammet gir også arbeid til mange ungdommar. Kulturavdelinga har avtale med lag og organisasjonar om at dei kan leige inn eigne ungdommar som instruktørar, slik at aktivitetane held god fagleg kvalitet.
Gratis utlån av utstyr
Vi minner også om at du kan låne tur- og idrettsutstyr heilt gratis hos BUA – både i Volda sentrum (Samfunnshuset) og i Hornindal (Grobygget).