Sommarvikar veg/park

Sommarvikar veg/park

Som ferievikar i Volda kommune er du med på drift og vedlikehald av grøntområde, parkar og kyrkjegardar. 

Søknadsfrist: 16.03.2025

Arbeidsoppgåver

Vedlikehald av grøntområde, parkar og kyrkjegardar.

Kvalifikasjonar

Det vil vere ein fordel om du har røynsle frå liknande arbeid 
Må ha førerkort klasse B,klasse BE er ein fordel

Personlege eigenskapar

Ver pliktoppfyllande, arbeidsam, og løysningsorientert. 
Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur.
Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap.
Du må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg.

Vi tilbyr

Lønn etter tariff.
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar. Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet.