Søre Sunnmøre legevakt har opna i moderne lokale i Hovdebygda

Søre Sunnmøre legevakt har opna i moderne lokale i Hovdebygda

Med ei lita og koronatilpassa markering vart det snorklipping og offisiell opning ved ordførar i Volda Sølvi Dimmen og ordførar i Ørsta Stein Aam. Seksjonsleiar Erlend Bae og legevaktoverlege Jørn Kippersund held snora.

Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane på Søre Sunnmøre med Volda kommune som vertskommune. Det varierer mellom kommunane kva tenester dei har gjennom Søre Sunnmøre legevakt.

No er Søre Sunnmøre legevakt ansvarleg for øyeblikkeleg hjelp ettermiddag, kveld, helg og natt i Volda kommune. Timar må avtalast på førehand via legevaktsentalen på telefon 116117. På dagtid i vekene er det vanleg og øyeblikkeleg hjelp som før på Hornindal legekontor og Volda legesenter.

Søre Sunnmøre legevakt blir å finne rett ovanfor flyplassen i Hovdebygda, nærare bestemt i Torvmyrane 11 B, som er same bygget som m.a. Politiet og ambulansestasjonen. Inngang gjennom hovedinngang på oppsida av bygget.

Søre Sunnmøre legevakt inneheld følgjande:

  • Legevaktsentral for alle sju kommunane på Søre Sunnmøre. Hit kjem ein når ein ringer det nasjonale legevaktnummeret 116117 heile døgnet, eller dei lokale legevaktnummera etter kontortid. Operatørane på sentralen er sjukepleiarar eller paramedisinarar som vil gje råd og rettleiing, og sette innringar i kontakt med lege, eller til time på legevakta, når det er nødvendig. Legevaktsentralen har fram til no vore i akuttmottaket på sjukehuset i Volda.
  • Nattlegevakt for Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta.  Frå kl 22-08 alle dagar er legevakta for desse kommunane lokalisert i Hovdebygda. Nattlegevakta starta opp i 2009 og var fram til mars 2020 på sjukehuset. Sidan då har nattlegevakta mellombels vore lokalisert i Myrvåg, men frå og med 1.februar er nattlegevakta på plass i Hovdebygda.
  • Legevakt ettermiddag, kveld og helg for Volda og Ørsta. Volda og Ørsta har sidan våren 2020 vore eitt legevaktdistrikt. Oppmøtestad kveld og helg har vore enten Volda legesenter eller Ørsta legesenter etter kven som har vakt. Frå 1.februar er legevakta for Volda og Ørsta å finne i Hovdebygda.
  • Smittelegevakt for Volda og Ørsta. I samband med koronapandemien blir det smittelegevakt på dagtid i Hovdebygda. Pasientar med påvist eller mistenkt smitte blir sendt til smittelegevakta dersom det er naudsynt med fysisk legeundersøking. Ein ringer sitt vanlege legekontor eller 116117.
  • Ring legevakta på telefon 116117 før du møter opp på legevakta. På grunn av den pågåande pandemien er dette ekstra viktig no.
  • Ved kritisk akutt sjukdom skal du framleis ringe medisinsk nødnummer: 113

Vanleg daglegevakt held fram som tidlegare i alle kommunar.

 

Organisering og personell

På Søre Sunnmøre legevakt vil det arbeide legar, sjukepleiarar, paramedisinarar og ambulansepersonell. Desse vil saman gjere sitt beste for å gje innbyggarane naudsynt helsehjelp. Tradisjonelt har legevakt i distrikts-Norge vore ein lege aleine på heimevakt. Legen har ofte rykka ut til ulukker, til pasientbesøk i heim eller møtt pasientar på legekontoret utan anna hjelp.

Nye krav til drift 

Den nye akuttmedisinforskrifta stiller krav til mellom anna tryggleik, kompetanse og kvalitetssikring i legevakttenesta. For å stette krava i forskrifta, samt å legge til rette for god kvalitet og gode arbeidstilhøve på legevakt, har kommunane no teke eit løft og oppretta Søre Sunnmøre legevakt. Ei godt fungerande legevakt er viktig for innbyggarane, og er også viktig for å rekruttere fastlegar, då fastlegane har legevakt som ei pålagd oppgåve knytt til fastlegepraksisen. Legevaktlegen ein møter vil oftast vere ein fastlege frå distriktet. I tillegg vil ein møte sjukepleiarar eller paramedisinarar som er operatørar på legevaktsentralen og som tek imot pasientane når dei kjem til legevakta. I samråd med legen vil dei ta naudsynte prøver og målingar, og syte for at pasientane får den hjelp og handsaming dei må ha. Legevakta har og ein utrykkingsbil oppsett med akuttmedisinsk utstyr på line med ambulansane. Det er erfaren ambulansearbeidar som bemannar denne saman med legen på utrykking og sjukebesøk. Når legevaktbilen ikkje er i bruk er ambulansearbeidaren ein del av teamet inne på legevakta.

Prosjektet med etablering av den nye legevakta har og styrka samarbeidet mellom Volda og Ørsta knytt til handtering av pandemien. I arbeidet med testing og smittesporing, og no også med vaksinering, dreg ein både praktisk og organisatorisk nytte av legevaktsamarbeidet.

 

Godt samarbeid til beste for innbyggjarane

Kommunane på Søre Sunnmøre har i mange år hatt avtale med Helse Møre og Romsdal om drift av legevaktsentralen og nattlegevakta i akuttmottaket på sjukehuset. Kommunane er særs godt nøgde med dei tenester som er levert av akuttmottaket på Volda sjukehus. Vi vil med opninga av ny legevakt nytte høvet til å takke sjukepleiarane i akuttmottaket for innsatsen som er lagt ned gjennom mange år for å gje råd og rettleiing til innbyggarane på legevakttelefonen, koordinere og hjelpe legane på vakt rundt om på Søre, og for å vere god hjelp og støtte for nattlegevakta. Vi ser fram mot eit framleis tett og godt samarbeid for å ivareta innbyggarane våre best mogleg.