Å sove godt gjer oss godt. Medan vi søv får kroppen tid til å vedlikehalde immunforsvaret og bygge opp igjen vev og organ. Ei natt med god søvn gjer oss også mindre irritable og meir opplagte. Ei god natts søvn er med andre ord viktig for den fysiske og mentale helsa vår.
Om du opplever utfordringar i høve søvn er du ikkje åleine. Problem med søvn er svært vanleg. 1 av 3 slit vekentleg med søvnen, og 1 av 10 slit med alvorlege og langvarige søvnproblem. Behovet for søvn er individuelt, og kor mykje vi søv og kor mykje søvn vi treng varierer også etter alder og helsetilstand. For vaksne er det normalt å sove mellom 6-8 timar pr. natt.
Barn og ungdom sitt søvnbehov er skissert under:
Barnet sin alder | Anbefalt søvnlengde |
0-3 månadar | 14-17 timar |
4-11 månadar | 12-15 timar |
1-2 år | 11-14 timar |
3-5 år | 10-13 timar |
6-13 år | 9-11 timar |
14-17 år | 8-10 timar |
Kjelde: https://nhi.no/familie/barn/nar-skal-barnet-legge-seg/
Behovet for søvn er også genetisk, nokre klarer seg fint med mindre enn 6 timars søvn medan andre må ha ni timar eller meir for å kunne fungere. Er du utkvilt på dagen og fungerer
Har du problem med søvnen kan enkle livsstilsråd vere til hjelp.
Gode råd til betre søvn:
- Slå av mobil, nettbrett, TV eller datamaskin på soverommet om natta
- Fysisk aktivitet gir betre søvn-
- Hard fysisk trening eller kraftige anstrengelsar dei siste tre timane før sengetid forstyrrar søvnen og bør unngåast
- Unngå koffeinhaldig drikke minst 4 timar før sengetid
- Passe mengde mat før sengetid
- ikkje for mett og ikkje svolten
- Gode rutiner før sengetid
- Gjer soverommet godt å sove i:
- mørkt, kjølig (under 18 grader), stille og behagelig
- Unngå søvn på dagtid-
- Ein «høneblund» på om lag 20 minutt er ok
- Unngå å «skli ut» i helga
- Om ein sklir for mykje ut i helga kan søvnrytma bli forstyrra og søvnkvaliteten dårlegare
- Forsøk å løyse eller diskutere eventuelle problem eller bekymringar i god tid før du går til sengs
- Unngå å sjekke klokka når du våkner, du treng ikkje å vite kva klokka er om alarmen er satt på
Kjelde: https://nhi.no/livsstil/egenomsorg/sovnhygieniske-rad/
Sov godt!