Banksjef Sindre Monshom får Miljøfyrtårn-diplom av ordførar Sølvi Dimmen.
Julian Hovden
- Gratulerer med sertifiseringa, og velkommen som nytt miljøfyrtårn i Volda, sa ordførar Sølvi Dimmen.
Sparebanken Møre har starta prosessen med å Miljøsertifisere alle 28 kontora sine. For nokre dagar sidan vart kontoret deira i Herøy kommune Miljøsertifisert. I dag fekk kontoret i Volda endeleg gleda av å ta imot sertifiseringa.
- At bedriftene tek samfunnsansvar kjem oss alle til gode, fortset ordføraren.
Omfattande prosess
- Det er ein lang og stor prosess med mange sjekklister, og det går på alt i frå brannting og kjeldesortering, og det å ha gode rutinar, prosedyrar og sjekklister på alt mogleg, sa bankjsef Sindre Monsholm.
Dei har gjort ei rekke tiltak for å gjere kontoret sitt og prosessane sine meir miljøvennleg og berekraftig. Betre brannprosedyrar, meir effektive LED-lys og kjeldesortering på kontoret er nokre av tiltaka som har blitt implementert for å møte krava til sertifiseringa.
- Det er mykje arbeid i det, og det fortsette no skulle eg til å seie, med resertifisering og sånne ting. Så det er jo liksom ikkje berre å henge det opp på veggen og verre fornøgde med det, sa Monsholm.
Kva er Miljøfyrtårn
Miljøfyrtårn er ein organisasjon som assisterer og sertifiserer verksemder for å møte kriterium for klima- og miljøpåverknad. Desse kriteria byggjer på at organisasjonen skal ha ein varig, positiv verknad på arbeidsmiljø og klima.
Verksemder sertifisert av miljøfyrtårn skal vere rusta til å møte framtidige utfordringar i eit arbeidsliv som heile tida endrar seg.