Sprek på nett

Sprek på nett

Torsdag 18.januar starta introduksjon til det nye «sprek på nett»-kurset på Volda folkebibliotek. 

Stian Woo Andersson


Kurset siktar å gi grunnleggjande opplæring til mindre erfarne brukara på nett. Kurset er arrangert av Volda kommune og Fred Igland er kurshaldar. Igland som også har holdt same kurs i Ørsta, er ivrig etter å kunne hjelpe andre som kanskje ikkje er så erfarne med teknologien si utvikling. Kurset skal fortsette Annan kvar fredag fram til sommeren. Sprek på nett skal vere eit lågterskel tilbod opent for alle, og krev inga påmelding! 
 

Teknologi blir meir og meir integrert i samfunnet vårt og kurset skal verke som ei bru mellom teknologi og brukarar. Målet er å hindre at nokon blir utelatne i den teknologiske utviklinga. Tiltaksordninga er ein del av regjeringa og KS si målsetting om lågterskel opplæring i digital kompetanse. 

 

STAD:  Volda folkebibliotek 

Annankvar fredag frå 26. januar 

TID: 11.00–13.00 

 

På kurset vil ein mellom anna lære om applikasjonar, brukartenester og andre tekniske verktøy. Ein kan også kome med eigne ønskjer om kva ein vil lære. Kurset skal ikkje berre vere for læring, men også ein sosial møteplass. Kurset er eit uforpliktande tilbod der ein berre treng å møte opp for å lære. Kurset kjem til å bli heldt annenkvar fredag på Volda folkebibliotek frå og med den 26.januar. 

 

Vil du vite meir? 

For meir informasjon om "Sprek på nett", ta kontakt med Volda folkebibliotek!  

Kom innom i opningstida, eller ring oss på tlf.: 70 05 88 50! Du når oss også på e-post: biblioteket@volda.kommune.no