Spyling av vassleidningsnettet

Spyling av vassleidningsnettet

Volda kommune har starta spyling av vassleidningsnettet. Dei komande dagane vil det bli spylt vassrøyr i sona Røyslida vest.

Kart over Røyslida vest-sona - Klikk for stort bilete Volda kommune


Volda kommune vil i morgon gjennomføre spyling av vassleidningsnettet i Røyslida vest-sona. Arbeidet vil pågå mellom kl. 08.00 og 15.00.

I denne perioden kan vatnet bli noko misfarga. Vi ber difor om at de ikkje vaskar klede eller nyttar varmtvatn medan spylinga pågår.

Dersom vatnet framleis er misfarga etter kl. 15.00 ber vi dykk opne kaldvasskrana og la vatnet renne til det blir klart att.


Med helsing
Volda kommune
Vatn og avløp