Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ei kommune. For å kunne røyste under stortingsvalet i haust, må du stå innført i manntalet.
Styrt av folkeregisteret
Det er folkeregisteret som blir lagt til grunn for manntalet. Du er manntalsført og har stemmerett i den kommunen der du er folkeregistrert som busett pr 30. juni i valåret. Flyttar du til ein annan kommune etter 30. juni, er du fortsatt registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå, sjølv om du melder flytting.
Kva om eg bur i utlandet?
Norske statsborgarar som har budd i utlandet i meir enn ti år, fell ut av manntalet. Du har likevel røysterett, og skal bli ført inn i manntalet i den kommunen der du sist var folkeregistrert som busett.