Startar opp danseverkstad - Dans uten grenser

Framme f. v.: Ove Henning Solheim, grunnleggar av Dans Utan Grenser og Elisabeth Bustos, dagleg leiar i Dans utan grenser. Bak f.v.: Linda Tomasgard og Cecilie Vangberg, koordinatorar Frisklivssentralen - Klikk for stort bilete Volda kommune Frisklivssentralen skal etablere "Dans uten grenser" etter DUG-modellen og har vore på skulebesøk og presentert konseptet for ungdomsskuleelevane. Først ut var Dalsfjord skule.  

"Dans uten grenser" er ein sosial aktivitet for barn og unge, der dans er eit verkemiddel. Det er for unge, med ung til ung formidling. 

Frisklivssentralen i Volda skal dei neste åra auke innsatsen mot barn og unge. Dans uten grenser er ein del av denne satsinga, seier koordinatorane ved Frisklivssentralen i Volda, Linda Tomasgard og Cecilie Vangberg.

Med seg på skulebesøka hadde dei Elisabeth Bustos, som er dagleg leiar i Dans utan grenser, og Ove Henning Solheim, som er grunnleggar av Dans uten grenser.

Danseverkstadane skal vere eit positivt fritidstilbod for barn og unge. Konseptet stemmer godt med kommunen sin satsing inn mot barn og unge si psykiske helse som viktig førebyggande innsatsfaktorar i Volda samfunnet. Kommunen har alt etablert eit godt samarbeid som går på tvers av sektorane for å førebygge utanforskap og kome tidleg inn med innsats der det er behov. 

Kva er DUG-modellen?

«Dans Uten Grenser» vart etablert i 1996 og har sidan utviklinga av prosjektet formidla dans og danseverkstads-modellen til kommunar rundt i Norge. Sogn og Fjordane var første fylke som satsa stort på dans i 2006. Alle kommunar som ønskte eit dansetilbod med ungdomar sjølve i spissen, skulle få høve til dette.

I starten var tiltaket særskild retta inn mot inaktiv ungdom. Målet var å styrke psykisk helse gjennom meistring og sosial deltaking. Det var viktig å fremje fysisk aktivitet og sunn livsstil, samt tydeleggjere gode haldningar og med det hindre tidleg debut av alkohol- og rusbruk. Det var særskild viktig at danseverkstaden vart eit tilbod som alle kunne delta på, uavhengig av kjønn, etnisitet, utsjånad og familieøkonomi.

 

DUG er eit lågterskel-tilbod, det er ungdomar som underviser andre barn og unge gjennom metoden ung-til-ung-formidling.

Modellen skal kvalifisere ungdomar til ung-instruktørar som skal kjenne meistring og glede innan dansen. Målet er at det skal føre til at ungdomane skal bli tryggare i seg sjølv og våge å ta sin plass i samfunnet.

Opplæring for å bli kvalifisert

Ungdomar får tillit gjennom kvalifiseringa der dei blir lært opp i å handtere ulike elevgrupper med utfordringar. Modellen er svært tydeleg på at ungdomane ein kvalifiserer ikkje får ei utdanning innan feltet, dei blir kvalifiserte innan ung-til-ung-formidling, samt får opplæring av profesjonelle dansarar og koreografar.

Ungdomane får kurs i skadeførebygging, førstehjelp og undervisning av barn og unge, samt det å vise omsorg for andre. Ungdomane lærer å ta vare på kroppane sine etter lange treningsøkter i form av oppvarming og uttøying. Dei skal alltid kalle seg danseinstruktørar, ikkje pedagogar.

Dans utan grenser er alt etablert i Hornindal, då denne delen av kommunen tidlegare tilhørte Sogn og Fjordane.

No skal "Dans uten grenser" bli etablert på Dalsfjord skule, Folkestad skule og Volda ungdomskule.

Vil du vite meir?

Gå gjerne inn på websida til Dans Uten Grenser for informasjon. www.dansutengrenser.com 

Om de ynskjer meir informasjon må de gjerne kontakte Frisklivssentralen sine koordinatorar, Linda Tomasgard og Cecilie Vangberg.

Kontakt

Linda Tomasgard
frisklivskoordinator
E-post
Telefon 57 98 98 86
Mobil 902 10 368
Cecilie Vangberg
fysioterapeut
E-post
Telefon 57 87 98 72
Mobil 902 14 343