Statsforvaltar Else May Botten, kommunedirektør Rune Sjurgard, ordførar Sølvi Dimmen, varaordførar Sverre Leivdal og assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste.
Volda kommune
Dei hadde gjort eit førebuande arbeid og utarbeidd ein rapport på statussituasjonen i Volda kommune på tenesteområda, klima, arealforvaltning og økonomi. Frå kommunen deltok formannskapet, leiar og nestleiar i tenesteutvala og den administrative leiinga. Statsforvaltar Else May Botten starta med å rose kommunen for god tenesteyting. Vi fekk også tilbakemelding på område der vi må ha fokus og kan verte betre. Når det gjeld økonomien kom statsforvaltaren med ein peikefinger. Kommunen har høgare utgifter enn inntekter, og det er ikkje lenge før sparekontoen er tom. Statsforvaltaren peikte på at kommunen har eit kort tidsrom på seg for å tilpasse drifta til inntektsnivået. Høge forventingar frå både staten og innbyggjarane vart brakt på bane i diskusjonen i møtet. Statsforvaltar Else May Botten minna om at kommunen bør leggje nivået til det som er godt nok. Kommuneøkonomien fekk stort fokus i møtet.
Kommunedirektøren orienterte om kva strategiar administrasjonen vil foreslå for å løyse utfordringane i det kortsiktige og langsiktige perspektivet.
I komande fire-årsperiode er ein avhengig av tiltak som kan ha effekt raskt. Endring i tenestestruktur og reduksjon i tenestenivå er dei tiltaka som vil gi størst effekt i perioden, men også systematisk innsats på ressursstyring og reduksjon i administrasjon er ein del av den kortsiktige strategien. I den langsiktige strategien inngår mellom anna arbeidet med TØRN og heiltidskultur, bustad- og tenestetrapp med fokus på organisering av tenesteytinga ut frå behova på dei ulike stega i trappa, aktivering av arbeidsreserven ved å få yngre utanfor utdanning og aktivitet inn i arbeid, samt redusere sjukefråværet i kommunen.
Kommunedirektøren orienterte om at administrasjonen pliktar å leggje fram eit budsjett og økonomiplan i balanse. Han ser at dette er krevjande ved at mange av tiltaka som kjem vil verte svært upopulære og ikkje ynskelege, men likevel slik at dei vert vurdert som forsvarlege i den forstand at dei er innanfor lovmessige krav. Kommunedirektøren legg fram forslaget til budsjett og økonomiplan for kommunestyret 6. november.